Landskappleikane er ein av dei eldste tevlingane i musikk i Noreg. Sidan 1896 har den nasjonale folkemusikktevlinga vorte arrangert av lokale spel- og dansarlag rundt om i landet. Årets landskappleik vart arrangert i Seljord sist helg – og la det vera sagt med ein gong: landskappleiken i Seljord vart ein formidabel suksess! Dei lokale arrangørane la ned eit solid og godt arbeid i alt frå gjennomføring av tevlingane, til sal av mat og plukking av søppel.

Fleire medium (mellom dei Aftenposten 29.06.11) har også peika på det gode og profesjonelle arrangørkorpset i bygda. Kvart år tek Seljord imot krøtter og folk, ikkje minst til tradisjonsrike Dyrsku’n med sine nær 80 000 besøkande. Det gjev erfaring som arrangørane av landskappleiken 2011 utvilsamt drog nytte av. Litt kaldt, var det. Og blautt, men elles var dagane i Seljord utmerkt.

No er det lang tradisjon for å arrangere landskappleikane i Bygde-Noreg, til bygder ala Seljord, Voss eller dalane på Austlandet. Men sjeldan og aldri blir det arrangert landskappleikar i dei største byane – iallfall ikkje i nyare tid. Rettnok vart landskappleiken arrangert i mjøsbyen Gjøvik i 2003, men byen er ingen storby i norsk samanheng. Det same kan ein seia om arrangørbyar som Voss, Røros og Kongsberg.

Landskappleiken skal liksom vera ei bygdegreie, kan det sjå ut som. Saman med estetiske dekorasjonar på scenekanten ala briskekjerr, hesjestaur og anna bygderomantikk er landskappleiken som fenomen ei stadfesting av ideen om den norske bygda. Slik er plasseringa av landskappleikane med å reprodusere myta om folkemusikk som eit ruralt kulturuttrykk, noko som berre høyrer heime i bygda, omkransa av vakker natur. Men gjev det eit riktig bilete av norsk folkemusikk – i dag?

Folkemusikk er ikkje berre ei bygdegreie, men er også eit kulturuttrykk med sterke og lange tradisjonar i byane. Eit kjapt søk på nettet syner at landskappleiken og andre mindre kappleikar har vorte arrangert jamleg i hovudstaden òg. Oslo sitt eige spelemannslag, Laget for Folkemusikk har arrangert kappleikar i byen sidan 1904. Landskappleiken har òg si byhistorie: I åra 1903, 1918, 1919, 1920, 1921, 1922, 1929, 1932, 1939, 1946, 1948, 1953 og 1981 gjekk landskappleiken av stabelen i hovudstaden.

Og i Bergen har han vorte arrangert heile 16 gonger – 11 av dei før 1914. Siste gong i 1973. I Oslo finst òg fleire eldre spel- og dansarlag, skipa av utflytte bygdeungdom. Valdreslaget vart etablert i 1899. Tidlegare Bondeungdomslaget Ervingen i Bergen vart skipa i 1900. Landskappleiken har si byhistorie.

Kanskje er det difor på tide å arrangere den prestisjetunge landskappleiken i by’n, i til dømes Oslo? Mykje er lagt til rette for å gjennomføre eit nasjonalt folkemusikkstemne også her. Bærum spelemannslag er eitt av dei største spel- og dansarlaga i landet. Laget for Folkemusikk er Oslo sitt eige lokallag. Båe har ei mengd ressurspersonar som garantert vil arbeide for ein landskappleik i hovudstaden. Mange av dei profesjonelle folkemusikarane i landet har òg adresse Oslo og held konsertar på Havresekken eller andre klubbar og scener.

Folkemusikk-Noreg har òg fått si eiga storstove – Riksscena. Vis-à-vis ligg ein bygard full av øvingslokale, ein føresetnad for å arrangere ein god kappleik. Riksscena – sjølve budsjettvinnaren i Folkemusikk-Noreg slit visstnok med besøket, las vi i Nationen tidlegare i vår (10.05.11). Ein landskappleik vil difor vera eit løft og eit positivt bidrag for å styrke Riksscena som nav i norsk folkemusikk.

I tillegg har Oslo ein ny Opera – godt tilpassa akustisk musikk – slik vi vil ha det. Nokon festivalcamp blir det ikkje der i garden, men gjer det eigentleg noko? Må landskappleiken innehalde telt og campingliv? I Operaen har dei dessutan flotte restaurantar og servering av dyr og god vin. Og på kveldstid blir det dans på operataket. For eit skue! For ei oppleving!

Landskappleik i Oslo vil òg gje folkemusikken ein gyllen moglegheit til å syne seg fram for eit nytt publikum, nye interessegrupper, ikkje minst media.

Norsk folkemusikk er ikkje berre ei bygdegreie, og skal heller ikkje vera det. Norsk folkemusikk høyrer heime i byen like mykje som på bygda. Er det nokon som tek på seg å arrangere kappleik i by’n?