Hovudkomiteen for Landsfestivalen 2011 saman med styreleiar Maria Høgetveit Berg og dagleg leiar Linda Dyrnes vedtok på eit morgonmøte i dag laurdag at Landsfestivalen går som planlagt, men med nokre justeringar av programmet.

- Det er med djup sorg at Landsfestivalen har motteke bodskapen om den tragiske hendinga i Oslo og på Utøya, seier Berg.

Oppdatert program laurdag ser slik ut:

Kl. 12.00 Verdas største spelemannslag, Idrettshallen

Kl. 14.00 Open klasse, Idrettshallen

Kl. 16.00 Konsert med 5. klasse frå Loar skule og Folldal spellmannslag, Teltet

Kl. 17.00 CD-slipp og presentasjon: Brimi/Viken og Andreas Bjørkås, Teltet

Kl. 18.00 Kunngjering av vinnarar og premieutdeling, Idrettshallen

Kl. 19.00-20.00 Dans, Teltet

Kl. 20.00 Meisterkveld – konsert med vinnarane, Idrettshallen

Uformelt samkvem og dans i Idrettshallen etter meisterkonserten.