Sidan sist eg var på Landsfestivalen i gammaldansmusikk har det skjedd ei merkbar endring i negativ retning. Mange av dei etablerte utøvarane i gruppespel og durspel, både unge og eldre, deltek ikkje, og publikum er vorte merkbart gråare i håret. Det låg i det heile tatt ei dyster stemning over festivalen: Var dette den siste Landsfestivalen som vart arrangert?
Etter ei tre år lang sjølvvalt pause frå Landsfestivalen og resten av folkemusikkmiljøet, var det med blanda kjensler eg reiste at frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Nordfjordeid. Framfor alt var det artig å vera attende i miljøet eg har vore ein del av sidan slutten av 80-talet. Å treffe trivelege folk med same interesse som ein sjølv, å spela til dans for gode dansarar og ikkje minst delta i det uformelle buskspelet, er det som tidlegare har gjort Landsfestivalen til eit årleg høgdepunkt for meg. Dersom det ikkje blir gjort radikale grep er eg redd den siste Landsfestivalen i gammaldansmusikk har vorte arrangert. Kva må gjerast for at spådommen min skal bli gjort til skamme?
For det fyrste treng gamaldansen (heretter kalla runddansen) ein organisasjon som anerkjenner og er stolt av å presentere musikkforma gjennom Landsfestivalen. Sidan sist eg var på Landsfestival har Landslaget for Spelemenn vorten til Folkorg, og dette har utan tvil ikkje vore noko lykketreff korkje for runddansmusikken eller for Landsfestivalen. Folkorg si behandling av Landsfestivalen minner mykje om konsekvensane av eitbornspolitikken i Kina, der ein sett det ulønska barnet ut i skogen for å døy. Folkorg skal ha ros for at avlivinga er human, den skjer raskt og smertefritt.
Organisasjonen har eit ansvar for å gjera det attraktivt å spela og å danse runddansmusikk. Eg kan ikkje med beste meining sjå at Folkorg har gjort noko for å gjera Landsfestivalen attraktiv for utøvarar og dansepublikum. Eit eksempel på dette er Folkorg si manglande profilering av og interesse for runddansen, det vil si vals, reinlender, galopp og masurka. Noko av det viktigaste med Landsfestivalen er dansepublikumet og at ein får flest mogleg til og koma og danse runddansmusikk. Spesielt er det viktig at den yngre garde får auga opp for denne danseforma, viss ikkje vil ho med tida forsvinne heilt.
Eit anna døme på Folkorg si likesæle, er avviklinga av durspelklassene. Til stor irritasjon for mange utøvarar er det no tillate å delta med trekkspel i durspelklassene. Dette medfører at mange durspelutøvarar vel å ikkje stille opp, noko eg skjønar godt. Kva hadde skjedd dersom det hadde vorte lov å bruke vanleg fele eller bratsj i hardingfele klasse A på Landskappleiken?
Jostein Hernæs skriv i ein kommentar i GD at Landsfestivalen må profesjonaliserast og at private aktørar må inn etter ein modell slik Titanofestivalen i si tid fungerte. Eg er heilt einig i at Landsfestivalen må gjennom ei profesjonalisering. Det var mykje å setja fingeren på under årets festival, noko ein kommersiell aktørar heilt klart ville handtert på ein betre måte. Dette gjeld blant anna marknadsføring og profilering, servering, (manglande) folkeliv etc. Ting som dette meiner eg at Folkorg som eigar av Landsfestivalen må hjelpe dei lokale arrangørane med.
Folkorg må utvikle merkenamnet Landsfestivalen i form av marknadsføring (logo, profileringsartiklar, annonseplanar etc), attraktiv og frisk internettside, langsiktige økonomiske partnarar etc. Det er også viktig å i større grad gjere festivalen attraktiv for unge menneske, gjennomsnittsalderen på golva i Nordfjordeid var høg. Kor er sjokoladekappleiken, den interne festivalradioen, den spanande lokale maten og den stilige designen på logoane? Slike ting er viktige for å nå dei unge (og sikkert andre og).
I motsetning til Hernæs er eg ueinig i at løysinga ligg i at profesjonelle festivalarrangørar overtek Landsfestivalen, eller at noko tilsvarande blir starta i privat regi. All ære til Titanofestivalen for den verdien den hadde for runddansmusikken på byrjinga av 80-talet, men i ettertid er den samstundes eit godt døme på at all PR nødvendigvis ikkje er god PR. Etter mi meining har Titanofestivalen vore med og gjeve runddansmusikken eit useriøst stempel som den framleis slit med.
Å avvikle framtidige Landsfestivalar akkompagnert av «Nei, så tjukk du er blitt» på Dansefestivalen på Nord-Sel er heller inga løysing slik eg ser det. Men Folkorg burde absolutt teke ein prat med Øystein Ulen for å sjå og lære korleis ein skal arrangere ein god festival der det meste sklir av seg sjølv. Det er eit paradoks at nokon av dei beste runddansgruppene i Norge vel bort Landsfestivalen til fordel for Dansefestivalen.
Til slutt har eg eit lite innspel og koma med til utøvarane. I klassa for gruppespel var det i år ein klar tendens til at utøvarar går at i fleire grupper og at gruppene er sett saman for høvet. For all del, kvaliteten på finalespelet var etter mine øyre svært høg. Samstundes må utøvarane væra klare over at for publikumsinteressa har det mykje å si at favorittgruppa deltek. Eg vil oppfordre utøvarane til å tenkje meir langsiktig når det gjeld gruppesamansetjing og samtidig oppfordre nokon av dei gamle gruppene frå 80- og 90-talet til å gjera comeback. Det vil og vera ein viktig faktor for å gjera spådomen min til skamme.
Asbjørn Stensrud, Sør-Fron
Leserinnlegget ble først publiserti Gudbrandsdølen Dagningen
Savner du noen artikler i lenkesamling under, gi beskjed! info@folkemusikk.no
Landsfestival for fall?
LANDSFESTIVALEN
I sommer har debatten om det videre livet til Landsfestivalen rullet og gått. Her kan du lese et av de første innleggene i debatten signert Asbjørn Stensrud, samt andre relaterte saker.
Denne artikkelen er over 14 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.