Søndag 7. oktober blei Norddal kyrkje bli fyllt av muntre trillar og spretne bogestrøk når dei to musikarane innleide plateinnspelingsveka med ein konsert i bygda Norddal på Sunnmøre. Konserten blei arrangert på det som ville ha vore 92-årsdagen til hovudpersonen bak prosjektet: Ole Blø (1920-2010).

- Som folkemusikkstudent i Oslo i 2003 vart eg for første gong kjent med Ole Blø sitt felespel gjennom ein kassett frå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, fortel Jorun Marie Kvernberg. - Det eg høyrde der skilde seg drastisk frå det eg frå før trudde var lyden av slåttar frå Romsdal. Dei sindige og klangfulle bogestrøka etter bestefar Peter L. Rypdal stod i kontrast til dette muntre og luftige spelet som Ole Blø trylla fram. Kvernberg tok kontakt med Ole Blø og var dei neste sju åra fleire gonger på besøk hjå spelemannen. Ho fekk lære tonar, trillar og strøk - og ikkje minst historiene rundt musikken. - Ole var ein raus person som villig lærte vidare denne tradisjonen til meg. Eg trur det vart som ei gjensidig gåve: Han gav meg musikken og kunnskapen, eg lovde å føre det vidare!

Jorun Marie Kvernberg er ein aktiv musikar som sjonglerar mellom moderne, arrangert folkemusikk i band som Majorstuen, Tindra og Unni Boksasp Ensemble og på den andre sida dei lokale og tradisjonelle uttrykka gjennom sine solokonsertar. - Denne variasjonen er heilt avgjerande for meg. Dei utfyller kvarandre og gir kvarandre næring. Kreativiteten min får spelast ut i dei ulike banda mine kor rammene er friare, medan eg i soloprosjekta får eit solid fagleg fundament, får reindyrke eit tradisjonelt spel og ikkje minst kan legge vekt på musikk frå heimedistriktet mitt.

Trekkspelmakkeren Øyvind Sandum (1982) er heller ingen nykomar. Han er fleire gonger norgesmeister, og i haust er han plateaktuell både med visefolk-gruppa Sol i Skuggeskog og med duoplate med broren Hans Sandum. Gudbrandsdølen har ikkje minst markert seg i ei årrekkje med gamaldansbandet Nordafjells.

Den ferdige plata vil kome ut i februar 2013. Kvernberg planlegg mellom anna ein platesleppkonsert på Fredheim, det gamle samfunnshuset på Midøya, nær garden der Ole Blø budde: - Her har jo desse slåttane vore spelt før, gong på gong, med golvet fullt av folk som svinga seg til - den gongen- kjende tonar!