Sidan endt utdanning på Norges Musikkhøgskule i 2004 har Kvernberg jobba som frilans folkemusikar på heiltid, mellom anna med gruppene Majorstuen (Spellemannpris 2003), Tindra og Unni Boksasp Ensemble. Etter åtte år i Oslo flytta Kvernberg tilbake til heimfylket i 2007. Med Volda som base har ho no verda som arbeidsplass.

Gjennom seks konsertar på Nordmøre og i Romsdal vil Kvernberg servere det ho sjølv beskriv som ”skarpskorne  polsdansar og vemodige valsar, sindige bruremarsjar og viltre hallingar”.

Jorun Marie Kvernberg (Foto: Marius Beck Dahle)
Jorun Marie Kvernberg (Foto: Marius Beck Dahle)

- Musikken ber med seg historier om ein pengeforfalskar som må bøte med livet, om ei kyrkje full av mystikk, om ei fele som tryllar fram ungdomsminner og om slåtten som flaut i land etter Tafjordulukka, seier ho i ein pressemelding.

Jorun Marie Kvernberg har kandidatstudiet i utøving på fele og hardingfele frå Norges Musikkhøgskole i Oslo. Dei seinare åra har ho også tatt songen i bruk, og akkompagnerer sin eigen song med felene.

Kvernberg har medverka på 14 CD-produksjonar og gav i tillegg ut sin eigen solo-CD i 2006, «Album». Ho vart tildelt Statens Kunstnarstipend for yngre folkekunstnarar i 2009-10. I stipendperioden har ho satsa på å utvikle seg som solist, mellom anna ved å utvikle ein solokonsert.

- Det er noko magisk ved å stå heilt åleine på scena, seier Kvernberg. - Den nære kontakta ein får til publikum er spesiell. Ikkje minst gjennom at musikken eg brukar er lokal, det er deira eigen musikk eg står der og spelar og syng! Folk blir ofte overraska over kva skattar dei har i nærmiljøet.

Forestillinga har blitt til med hjelp frå Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund. Turnéen er støtta av Møremusikarordninga / Møre og Romsdal Fylkeskommune.

  • Tirsdag 23.november, kl 19: Åsen, Surnadal bygdemuseum
  • Onsdag 24. november, kl 20: Kvamsvågen grendahus, Straumsneset, Tingvoll
  • Torsdag 25.november, kl 19: Vorpenes gard – Nesset
  • Fredag 26. november, kl 21: Gamle Bedehuset – Sekken (Arr: Sekken Bygdetun)
  • Laurdag 27.november, kl 19: Bjørsholbua, Bruhagen – Averøy (Arr.Averøy kulturkafé)
  • Søndag 28.november, kl 18: Fræna folkebibliotek, Elnesvågen. (Arr. Fræna folkebibliotek og Romsdal
  • Mållag)