I år er det Stiftinga Hilmar Alexandersen som arrangerer festivalen, som i år går føre seg i Steinkjer frå fyrstkomande onsdag til sundag. Dette er fyrste gong den årlege konkurransen i gammaldans blir arrangert i Nord-Trøndelag.

– Vi ser fram til å arrangere Landsfestivalen og presentere dei flotte lokala på Campus Steinkjer, fine reisemål i heile distriktet og noko av det beste av trøndersk folkemusikk og gammaldans har å by på, seier festivalsjef Johan Einar Bjerkem.

I løpet av veka blir det mellom anna konkurrert i gruppespel, lagspel, junior samspel og i solo durspel, fele/hardingfele og andre instrument. I tillegg til konkurransar blir det konsertar, buskspel og dans på fleire arenaer i Steinkjer.

> Sjå programmet til Landsfestivalen her

Tolv dommarar frå store delar av landet er klare til å dømma eit stort mangfald av utøvarar. Kven som er dommarar kan du lesa om her.

Dei beste får spele i Operaen

I år er det ei ekstra gulrot for vinnarane på Landsfestivalen. Eit utval av meistrane får nemleg spele i Operaen i ei eiga festframsyning i november.
– Dette er fyrste gong vi set opp denne konserten, og vi håpar dette kan skape ekstra merksemd om gammaldansmusikk i Noreg, fortel Rannveig Djønne frå FolkOrg.

Meir om Meisterkonserten i Operaen og kven som vert invitert til å spela der kan du lesa om her.

Mukampen_Linda Gytri (3)_560x300

Kamp om vandrepokal

I år er det ein ekstra hard spanande i klassa for lagspel. Mukampen spelemannslag, Lom spelemannslag og Sør-Fron spelemannslag har alle to av tre napp i kampen om vandrepokalen i denne klassa, og Gamlebanken med eit napp varslar at dei er i storform! Dermed blir det tett kamp om sigeren i denne klassen i år med heile 15 lag påmelde.
I tillegg gjev Førdefestivalen vinnaren av klassa for gruppespel speleoppdrag under festivalen 2015 .

Landsfestivalen i gammaldansmusikk startar onsdag med konsert med Elias Akselsen i kyrkja. Andre konsertar er  bestillingsverket ”Jubel” av Gjermund Larsen framført av P.A. Røstads orkester og overraskingskonserten ”Min Hilmar” til minne om Hilmar Alexandersen. Torsdag startar tevlingane som varer heilt fram til Meisterkonserten på sundag.

Les meir på www.landsfestivalen.no eller følg festivalen på facebook.

 

> NB: EIGEN APP!
Landsfestivalen har også sin eigen app for smarttelefonar! Her finn du både startlister, program og mykje nyttig informasjon. Den heter "Landsfestivalen" og kan lastes ned for både iPhone og Android-telefoner.