Regissør og produsent Aaslaug Vaa og medregissør Anders Øvergaard har vore tilstades under kvedartimane til kvedaren Agnes Buen Garnås frå Bø i Telemark, og det blei det film av. 

I lære hjå Agnes går det nemleg fem jenter frå Åmotsdal skule i Seljord kommune. Kristine Dyrland, Gunhild Teigland Kleivi, Karianne Haustveit Aase, Tårån Øverbø Aarbak og Marit Kultan får lære seg songar, stev, historier og kunnskap om songane og bruken av dei. 

I løpet av filmen sine 12 minuttar får ein innblikk i kvifor elevane ønskjer å lære seg å kveda, kva dei likar med å kvede, og ein får svar på fleire store og små spørsmål om kveding. Og ein får sjølvsagt høyre jentene kvede åleine og i lag med Buen Garnås.  

- Eg ville lage denne filmen for å spreie songlede, språkforståing og vår kulturarv til store og små gjennom film som medium, fortel Vaa til NRK.no.  

No er filmen nominert til NRK Filmpolitiet sin kortfilmkonkurranse 2014. 

Filmpolitiets kortfilmpris er eit samarbeid mellom Filmpolitiet og kortfilmfestivalen for å syne fram dei som lagar opplevingar i kortare format. I år skal åtte finalistar kjempe om heider, ære og 10.000 kroner i premie, som vert delt ut under Kortfilmfestivalen i Grimstad 16. juni.

Det er opent for publikum å stemme, og det er også dei som avgjer kven som vinn prisen. 

> Sjå og stem på kortfilmen «Sing lingeling» her

Regissør Vaa er også i gang med planlegginga av ein heilaftens dokumentarfilm om den levande vokale folkemusikktradisjonen rundt det Møsvatn i Øvre Telemark.