Dette er andre gongen Kvarts er i USA, og no gjekk turen til ei rekkje mindre byar i midt-vesten. Det norsk-amerikanske miljøet i i dette området er stort, og med hjelp frå gode lokale arrangørar fekk kvartetten eit stort og godt publikum, samt god mediedekning. I løpet av dei ni dagane heldt Kvarts ulike konsertar og workshop i Northfield, Minnesota, Decorah, Iowa, Mt. Horeb, Wisconsin, og i Madison, Wisconsin.
Dette var ein viktig turné for Kvarts, då det gjennom fleire år har synt seg at gruppa har ein solid tilhengarskare i USA. Tilbakemeldinga frå publikum var svært god, og Kvarts er allereie i gang med å planlegge fleire turnéar både i Midt-Vesten og i andre delar av landet.
Turnéen var støtta av UD si reisestøtteordning.