Turnéen med Hilde Heltberg, Henning Kvitnes og Jonas Fjeld vitja onsdag Rudilåven på Rudi Gard, der alle plasser var utseld. I dag går ferda vidare til Renåfjellet i Rendalen, der Bibliotekene i Øvre Rendal er arrangørar.
Denne felles turnéen har blitt omtala på denne måten: ”Med seg i rypesekken og under koffertlokket har musikarane med seg et knippe sanger og musikkstykker som er udødeliggjort og dypt rotfestet i den norske folkesjela, og sammen skaper de et musisk festmåltid basert på lokale råvarer - i uvanlige kombinasjoner".
Siste stopp i denne runda vert laurdag 20. august, der dei skal innta Iungsdalshytta i Ål / Hol.
Før det vert det også konsert under Målrock i Årdal. Denne festivalen tek til på fredag, då Kvitnes, Fjeld, Heltberg og Kvarts står på hovudscena i lag med DDE. Andre kjende namn under Målrock 2011 er m.a. Yoga Fire, Karpe Diem og britiske The Waterboys. I tillegg skal Karl Seglem spele her på laurdagen .
Til denne konserten tek Karl Seglem med seg nokre av sine gode musikalske vener, så som Sigrid Moldestad og Ketil Torbjørnsen. På repertoaret under Målrock 2011 står mellom anna omorganiserte Jimi Hendrix-låtar.
- Tenorsaksofonisten og bukkehornspelaren Karl Seglem må reknast som ein pionér innanfor world-jazz i Europa. Årdølen kjem med sin unike musikk til å skape ei heilt spesiell ramme under Skåri i Utladalen laurdag 20. august., skriv arrangørane på heimesida si.
Vi tek elles med at Kvarts i slutten av april i år hadde plateslepp og konsert med Hemsingsøstrene og Birger Mistereggen på Riksscenen i Oslo. Dette var i samband med den nye plata ”Varde”, der dei mellom anna tonesatte dikt av Rolf Jacobsen, Arne Moslåtten og Wenke Kolstad.
Interesserte kan gå vidare til heimesida til Kvarts på denne lenka. Heimesida til Jonas Fjeld finn du her. Målrock 2011, som vert arrangert 19. og 20. august, har denne nettsida.