Ny fire-års-plan for FolkOrg

Tidlegare har organisasjon hatt eit prinsipprogram og eit arbeidsprogram i separate dokument. Arbeidsprogrammet har vorte revidert årleg, medan prinsipprogrammet har vore fast. Den nye handlingsplanen har ein litt anna struktur, men er basert på tidlegare prinsipp- og arbeidsprogram.  Styret og administrasjonen har sett det som føremålsteneleg å ha færre styringsdokument å førehalde seg til, slik at ein får eit betre oversyn, og planen vert eit godt arbeids- og styringsdokument for organisasjonen. 

Styret har også ønskja å jobbe med meir langsiktige målsetjingar, samt gjere det tydelegare kor og kva organisasjonen vil. Planen har difor meir tydleg målbare mål, med eit tidsperspektiv på fire år . Mål  i planen vert gjeldande i dei fire neste åra, medan  tiltaka under kvart arbeidsområde kan reviderast årleg.

Planen har åtte arbeidsområde organisasjonen skal jobbe med dei neste åra: kulturpolitisk arbeid, informasjon, arenautvikling, arrangørutvikling, lagsutvikling, utøvarutvikling, kompetansebygging og opplæring og organisasjonsutvikling.

Planen vart samrøystes vedteke med nokre endringar. Mellom anna kom det framlegg om å arbeide for at kulturskular og Den Kulturelle Skolesekken i heile landet har tilbod innan folkemusikk og folkedans, samt eit mål om at folkedansen skal ha dei same vilkåra som folkemusikken.

Alle mål og tiltak i planen kan du lese i sin heilskap i lenka under.

>> LAST NED DEN NY HANDLINGSPLANEN TIL FOLKORG

unknown
Møteleiarar: Audhild Rygg og Mari Skeie Ljones. Foto: Eivind Kaasin.

Endringar i vedtektene

I samband med årsmøtet i Bergen i november i fjor vart det krav om at nokre av sakene i vedtektene skulle vurderast på nytt under årsmøtet  i år. Dei sakene som skulle vurderast var storleiken på styret, yrkesutøvaranes representasjon og moglegheitene for at institusjonar som arrangørar og festivalar kan vere medlemmer i organisasjonen.

Styrets storleik
Her fremja styret eit framlegg om å halde på eit styre med sju personar. Argumenta for dette var mellom anna at organisasjonen enno er i etableringsfasa, og at ein ser det som viktig å sikre ei breitt styre, der fleire felt og interesser er representert i styret.

Under handsaminga av saken kom det framlegg frå salen om eit styre på fem personar, og berre ein nestleiar. Argumentasjonen her var mellom anna med tanke på den økonomiske situasjonen til organisasjonen. Desse framlegga vann ikkje fram.

Styret vann til slutt fram med sitt framlegg om å halde på eit styre på sju personar med tre varamedlemmar slik det er i dag. 


Yrkesutøvaranes representasjon
I denne saka kom styret med eit framlegg om at det vart oppretta eit eiget fagutval for yrkesutøvarane. Fagutvalet skal veljast av årsmøtet og ha tre medlemmer, der ein er leiar og to vanlige medlemmer. Vidare meinte styret at to av styremedlemmene skal tilhøyre gruppa av yrkesutøvarar innanfor folkemusikk og/eller folkedans, og at ein av desse skal vera leiar eller nestleiar.

Dette var ei av sakene det var mange meiningar om i årsmøtesalen. Nokre meinte at denne kvoteringa av yrkesutøvarane var unødvendig, då det alltid vil vere representert yrkesutøvarar i styret, medan andre meinte det var viktig å sikre utøvarane ein posisjon, og dette var eit viktig moment frå samanslutning av NFD og LfS. Etter ein lengre debatt vart til slutt styrets framlegg vedteke med ei stort fleirtal.


Institusjonar og organisasjonar som medlemmer
Styret kom her med framlegg å opne opp for at  institusjonar som til dømes arrangørar og festivalar kan vere medlemmer i organisasjonen. Nokre av argumenta her var at  dei har mykje kompetanse som det er viktig at organisasjonen kan dra nytte av, og at dei har kunnskap og erfaring om korleis musikken og dansen og formidlinga av den utviklar seg

Styrets kom på bakgrunn av dette med eit framlegg om  er å gjere ei lita endring i definisjonen av faglag slik at ein opnar for at institusjonar kan vere medlemmer i faglag. Dermed kan grupper av institusjonar starte eit faglag som vidare kan melde seg inn i FolkOrg. Styret sitt framlegg om endring i paragrafen var slik:

Alle medlemmer i lokale lag og faglag som er tilslutta organisasjonen, er medlemmer i organisasjonen. Faglag kan ha personlege medlemmer som ikkje er medlemmer av FolkOrg, men dei får ikkje rekne utsendingar til årsmøtet for fleire enn dei som er medlemmer. Faglag kan også ha institusjonar som medlemmer, og slike faglag har eit fast tal på utsendingar til årsmøtet.

Styret sitt framlegg fekk fleirtal, og med dette kan institusjonar danne eigne faglag for til dømes arrangørar og festivalar. 

unknown
Årsmøtesalen. Foto: Eivind Kaasin.

Medlemskontingenten  uendra

Styret kom med framlegg om å auke kontingenten for medlemskap i FolkOrg for 2012. Her kom det eit framlegg frå salen om å halde på dagens kontingentsatsar, og dette vann fram i årsmøtet. Kontingentsatsane for medlemskap vert med dette uendra, og er slik:  220,-  for vaksen og 100,- for born.

Styret kom også med eit framlegg om å auke abonnementsprisane for bladet Folkemusikk med 30 ,-, og dette vann fram. Abonnementsprisane for bladet vert no 390 kr. per år for ordinært abonnement, 340 kr. per år for medlemmer i FolkOrg.


Andre vedtak

  • Årsmelding 2010 vart godkjent.
     
  • Rekneskap 2010 vart godkjent, men meit krav om at det i framtida vert lagt fram med ei oppsett slik at kostnadene knytt til dei ulike prosjekta vert gjort synleg.
     
  • Revidert budsjett for 2011 vart vedtatt slik det låg føre.
     
  • Budsjettet for 2012 vart vedteke, men med eit krav om at organisasjonen skal gå med eit overskot på 300 000,-.
     
  • Styret vart gjenvald med Mari Skeie Ljones som ny nestleiar. Tidlegare nesteleiar Solbjørg Tveiten ønskte ikkje attval, og gjekk  med dette ut av styret etter mange års innsats både i FolkOrg og LfS.
     
  • Nytt fagutval for yrkesutøvarar vart vald med Åshild Vetrhus, Vegar Vårdal og Britt Pernille Frøholm som medlemmar.
     
  • Jan Lislien vart vald som ny medlem av ettersynsnemda, medan Tor-Erik Jenstad vart vald som ny medlem av valkomiteen.


Sakspapira frå årsmøtet finn du her. Protokollen frå årsmøtet vert lagt ut på nettsidene når den vert godkjend. Folkemusikk.no kjem tilbake med fleire saker om årsmøtet i løpet av veka.