Kurs 1 - Lokallaga innan FolkOrg. Kursdag laurdag 22. September (kl. 10.00 – 17.30)
Lokallaga er ryggrada til FolkOrg, og har ein unik kompetanse samla sett. Mange lokallag er gode på å jobba opp mot rekruttering og opplæring, medan andre igjen er gode på arrangering av kappleikar og konsertar m.m. I og med at kompetansa er spreidd utover heile landet ynskjer me at dette kurset skal vera ein stad for erfarings – og kompetanseutveksling.

Tema for kurset for lokallaga:
  • Inspirasjon! – v/ Gabriel Fliflet

  • Media i dag! – Synleggjering av arbeidet til lokallaga - minikurs i marknadsføring opp mot media, sponsorar og andre v/ Hans Olav Thyvold.

  • Rekruttering: Korleis rekruttere? – Dei nominerte til årets lokallag, Bærum Spelemannslag, Seljord Spelemannslag og Vågå Spel – og dansarlag, legg fram sine erfaringar. Debatt.

  • Innføring i støtteordninger for lagsarbeid og annet frivillig kulturarbeid – KOMP, frifond, momskompensasjon m.m. v/ Linda Dyrnes.

  • Tilskotsordningar frå Norsk Kulturråd – Informasjon om Norsk kulturråd sine støtteordninger, med spesielt fokus på arrangørstøtteordningen v/ Hilde Stenseng frå Norsk Kulturråd.

  • Søknadsskriving i praksis – Hvordan lage en god søknad med prosjektbeskrivelse og budsjett. Workshop med individuell oppfølging der deltakerne får praktisk erfaring gjennom eksempelsøknader. Forslagene diskuteres i plenum. v/ Andreas Ljones.


Kurs 2 - Arrangørar/Folkemusikkscener + Yrkesutøvarar. Kursdag laurdag 22. September (kl. 10.00 – 17.30)

Grunna mindre påmelding enn forventa, blir dette eit felleskurs for yrkesutøvarar og arrangørar.

Arrangørar: FolkOrg har i haust gjennomført ei brukarundersøking hjå arrangørane på folkemusikkfeltet. Signala frå denne undersøkinga er at utfordringane hjå scenene i hovudsak er publikumsbygging og økonomi. Av tema scenene ynskjer å lære meir om er søknadsskriving/økonomi og marknadsføring/publikumsbygging og programmering. Publikumsbygging – korleis få publikum til å oppsøke konsertane?

Yrkesutøvarar: Det har kome mange gode tilbakemeldingar på arbeidet som er gjort for yrkesutøvarar i FolkOrg den siste tida. No ynskjer me å samla fleist mogeleg til ei spanande kurshelg i Bergen for fagleg utbytte og sosialt samvær. Me har no sett saman eit program som me vonar vil by på mykje nyttig lærdom for alle, men vel så viktig vert erfaringsutvekslinga mellom utøvarane og uformelle diskusjonar om vegen vidare.

Tema for kurset for arrangørar/yrkesutøvarar

  • Inspirasjon! – v/ Gabriel Fliflet

  • Media i dag! – minikurs i marknadsføring opp mot media, sponsorar og andre v/ Hans Olav Thyvold.

  • Mediehåndtering og intervjutrening – Dette er ein workshop som rettar seg mot musikarar og dansarar som møter media. Bevisstgjering og drilling av deltakarane gjennom mellom anna å gjera videoopttak av deltakarane i fiktive intervjusettingar. v/ Hans Olav Thyvold

  • Tilskotsordningar frå Norsk Kulturråd – Informasjon om Norsk kulturråd sine støtteordninger, med spesielt fokus på arrangørstøtteordningen v/ Hilde Stenseng frå Norsk Kulturråd.

  • Søknadsskriving i praksis – Hvordan lage en god søknad med prosjektbeskrivelse og budsjett. Workshop med individuell oppfølging der deltakerne får praktisk erfaring gjennom eksempelsøknader. Forslagene diskuteres i plenum. v/ Andreas Ljones.

  

Kurs 3 - Dei yngre i lokallaga (Alder 14-20 år).
Kursdagar laurdag 22. September (kl. 10.00-17.30) og sundag 23.september (kl. 10.00-14.00)

Folkemusikkmiljøet går på tvers av aldrar, og me ynskjer og det er særs viktig at også dei yngre ynskjer å vera til stades i Bergen denne helga. Det vert arrangert kurs i spel, vokal og dans kring heile landet, og me ynskjer ei vinkling på kurset utover sjølve utøvinga av folkemusikken og dansen.

Kurshaldarar: Lajla Renate Buer Storli (Musikar), John Ole Morken (Musikar), Hans Olav Thyvold (Journalist og forfattar) og Andreas Ljones (Musikar/FolkOrg)

Tema for kurset for ungdom.

  • Å jobba opp mot kjelder (levande kjelder og arkiv)
  • Konsertplanlegging
  • Lyd/videopptakopptak
  • Korleis jobba seg fram mot å verta profesjonell utøvar
  • I tillegg til hovedkurset kjem Annbjørg Lien innom for å fortelja korleis ho jobba med folkemusikken då ho var ungdom.


Kurs 4 - Dommarseminar – Kurs i Tradisjonskunnskap
Kursdagar laurdag 22. September (kl. 10.00-17.30) og sundag 23.september (kl. 10.00 – 14.00)

Ein viktig del av FolkOrg sitt arbeid er å arrangera kappleikar; både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Seminaret skal hjelpe dommarar til å gjennomføre kappleiksdømming på fagleg og teknisk høgt nivå slik at kappleikane framleis er ein seriøs arena å delta i.  På dette kurset vil ein fokusere på dansedommarane. 

Innhaldet i dommarseminaret skal gje dommarane kunnskap om tradisjonane folkemusikk- og folkedansgenren er basert på, og forståing for folkemusikk- og folkedansuttrykk ein møter hjå  utøvarar i dag.  Det vil vere gjennomgang av spel, song og dansetradisjonar i Noreg, mangfaldet ein finn innafor både bygdadans – og gammaldanstradisjonane, dommarskjema, retningsliner, praktisk dømming, ulike sider å ta omsyn til i kappleiksframføringa, gjennomgang av ulike typar klasser, og dommarrolla. Ein opnar for diskusjon kring ein del tema. Seminaret kjem til å ha både fellesførelesningar og  gruppevise seminar. På kurset vert det og praktisk dømming med utgangspunkt i videoar som FolkOrg får låna av RFF-senteret. 

Kurshaldarar: Siri Mæland (RFF-senteret) og Ingar Ranheim.


Kurs 5 - CustomPublish – heimesider for lokallaga.
Kursdag sundag 23.september (kl. 10.00-14.00)

Det har vore eit ynskje blant ulike lag å ha ei djupare innføring i kva for moglegheiter det ligg i publiseringsverktøyet CustomPublish. Dette vil vera ein workshop der deltakarane sjølv er delaktige, og får praktisk rettleiing kring deira heimesider. Det ynskjeleg at deltakarane meld inn spørsmål/tema på førehand slik at ein nytter tida best mogleg, og slik at alle får ein god start på vidare utvikling av sine heimesider.

Dette kurset er for dei lag som allereie har heimesider frå CustomPublish eller som for tida er i kontakt med FolkOrg og CustomPublish om nye sider for sitt lag.

Kurshaldar:  Anbjørg Myhra Bergwitz (FolkOrg)

 

Meld deg på Helgen i Bergen i skjemaet under: