Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kurbanov, Alexey E.

omslagsfoto2

Organist, pianist og komponist. Han er for tida (sidan 2000) organist og musikkskulelærar i Aure (Møre og Romsdal).

Alex Kurbanov er fødd i 1971 i den gamle vikinghovudstaden Novgorod (Holmgard) i Gardarike (Russland). Utdanna frå ein av verdas beste musikkinstitusjonar - Leningrad/St. Petersburg Rimsky-Korsakov Musikkonservatoriet, ogso frå Rotterdams Conservatorium. Kunstvitskapskandidat.

Alex hev komponert ca. 180 verk for forskjellege instrumentale og vokale setnader.

Sidan 1984 hev han drive med konsertverksemd i Russland, Noreg og andre land, både solo og i samarbeid med fleire andre musikarar. Han spelar forskjellege tangentinstrument: orgel, piano, harmonium, cembalo og klavikord.

Alex hadde delteke i forskjellege musikkprosjekt (m.m. i musikalen "Spelmann på taket", 2001, Aure og Brekstad), i samling av folkemusikkboka "Enno så segla ho Magnill", Nordmøre Mållag, 2002. Han er aktiv målmann og mållagsmedlem.

Alex er óg medlem i St. Petersburg Union of Composers, Deutsche Richard-Wagner-Gesellschaft, TONO, GRAMO, MFO, GramArt, EPTA Noreg, Det Norske Orgelselskap, Svenska Orgelsällskapet, Trondheim Kammermusikalske Selskap og Griegselskapet i Oslo. Han er tildelt Kuilturprisen for Aure kommune for året 2009.

Han hev spelt inn piano-CDen "Vintermusikkens store perler".

Her kan du sjå filmar av Alex:

 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk