Buskerud fylkeskommune har kvart år sidan 1977 delt ut ein fylkeskulturpris. Prisen er på 50.000 kroner og er ei markering av framifrå kulturarbeid som har hatt stor verdi for heile fylket, eller som gjer Buskerud kjend på ein positiv måte nasjonalt eller internasjonalt.  I år gjekk prisen til folkedansar, instruktør og dansepedagog Karin Westberg Brennesvik frå Honvik i Jondalen.

Einaren
Karin Brennesvik vart født 22. juni 1943 og er oslojenta som dansa med store tradisjonsdansere som  Kjetil Løndal, Ola Guroplass og Gullik Kirkevoll allereie tidleg på 60-talet. Allereie før ho fylde 20 var ho reisande danseinstruktør for Noregs ungdomslag. I 1972 starta ho Småjondølene, der ho har vore læremeister for fleire framståande folkedansarar, mellom anna Sigbjørn Rua og Tom Løvli, m.flr. I Småjondølene har ho lagt ned eit omfattande pedagogisk arbeid og eit rekrutteringsarbeid som heile folkemusikk-Noreg har mykje å lære av.

I 2006 vart Brennesvik utnemnd til heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn LfS, og i grunngjevinga for utnemninga heit det:

”Ho er ein einar blant norske bygdedansarar og har ein kunnskap om dansane våre som ho har arva frå dei beste og mest solide lokale tradisjonsberarane blant den eldre generasjonen.

Ho har ein dansekunnskap prega av allsidigheit og sikker sans for lokal eigenart i form og stil. Ho har vunne ei rekkje kappleikar – og Landskappleiken både i 1970 og 1992, og er kjend for stilfull scenisk framføring.  Men kanskje det viktigaste av alt – ho har alltid delt kunnskapen sin med andre – ho er ein god  dansepedagog.”


Ho har også lagt ned eit stort arbeid i formidling av norske folkedanstradisjonar utover landegrensene. Årleg vitjar ho USA gjennomsnittleg tre gonger for å halde kurs, noko ho har gjort i over 20 år.

”Karin Brennesvik er eineståande når det gjeld innsatsen for norsk dans og musikk i utlandet; i nordiske land, Tyskland, Spania og Frankrike – men først og fremst i USA, der ho mellom anna har halde kurs, konsertar, teaterframsyningar tre gonger kvart år frå 1984 til i dag. Og ho har alltid vore med og opna dørene for andre av dei beste utøvarane våre – her heime og i utlandet. Ho har deltatt i innsamlingsarbeid saman med Egil Bakka, og for Landslaget for Spelemenn har ho vore landskappleikdommar meir enn 10 gonger, ho har vore med i utarbeiding av dommarskjema, og ho har sete i fagutvalet til LfS. ”

Buskerud Fylkeskommune sin kulturpris vert delt ut i Drammen Teater 8. februar 2011.