– Elin Grytting og John Oddvar Kandal har gjort ein enorm innsats for rekrutteringa i eit tid då folkemusikken låg nærast døyande i bygda, sa leiar i kultur- og miljøutvalet, Kristin Sandal, då ho delte ut prisen.
Grytting har vore tilsett som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane sidan ordninga med profesjonelle folkemusikarar vart starta opp i 1989. Ho er rekna som ein av dei fremste ressurspersonane på Vestlandet når det gjeld vokal folkemusikk.
Dei siste åra har ho turnert for Den kulturelle skulesekken med programmet "Kandissukker og lampeolje" saman med Jens Brekke, og barnehageprogrammet "Røysekattrumpa og dei knisande geitene" saman med Synnøve S. Bjørset.
Folkemusikklaget i Sogn og Fjordane har kommentert tildelingane, og skriv mellom anna dette:
- Elin Grytting er rekna som ein av dei fremste ressurspersonane på Vestlandet når det gjeld volkal folkemusikk. Ho har tileigna seg stor kjennskap til dei folkelege musikk- og dansetradisjonane i fylket vårt, både gjennom innsamlingsarbeid, konsertverksemd og ulike samarbeidsprosjekt.
Om Kvandal heiter det: - John Oddvar Kandal har spela fele sidan tenåra. Med ulike grupper og personar har han jamt opptredd heilt sidan starten. Han har reist på kappleikar og stemne, og vart A-klassing alt i 1980. Han har hatt fleire kurs i spelemannslag i Nordfjord og vore instruktør på sommarkurs og inspirasjonskurs.
Folkemusikk.no og FolkOrg gratulerar på det hjarteligste!
Du finn fleire nyhende frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune på denne sida. Nettsidene til Sogn og Fjordane Folkemusikklag har denne adressa.