Sjokoladefestivalen er ein glitrande arena for dei minste festivaldeltakarane til å syne kunstane sine. Alle deltakarane hadde førebudd seg godt og tok tevlinga med største alvor. Innslaga varierte mellom lette polkasteg, virtuost felespel og klokkeklar song. - Dette er noko av det likaste eg har høyrt, fortalde ein av publikumarane.

Ein av dei som fekk publikum til å måpe og juble var storspelemannen Marius Westling (10) frå Østerdølenes spelemannslag. Under sjokoladefestivalen framførte han ein komplisert slått – Myrstacken, komponert av Erik Öst.

- Ein gong skulle eg til Klekken på spelekurs. Før eg reiste fekk eg denne slåtten i lekse, fortel Marius.

Bror Martin (7 1/2) deltok også på sjokoladefestivalen. Han framførte ein nydeleg slått som han kallar Martins polka – eller plokka, som han sjølv seier.

Båe har vore med på lagspell for Østerdølenes spelemannslag på Landsfestivalen fleire gonger.

- Gutar; kva er den finaste slåtten de veit om?

- Den blåstemte!

- Aha. Og kven er heltane dykkar?

- Sven Nyhus!

- Har de noko meir å melde til Folkemusikk.no sine lesarar?

- Nei.

Folkemusikk.no takkar for det trivelege intervjuet og ynskjer dei flinke spelemenne lukke til vidare.

Sjokoladefestivalen er ein uformell arena der born kan spela for publikum. Tre dommarar var på plass under Sjokoladefestivalen i år: Ingrid Stuhaug, Andreas Bjørkås og Kristin Gravaunet. I staden for knusande poengsummar, får deltakarane sjokolade og dommarkommentar.

 

Fredagsprogrammet på Landsfestivalen ser slik ut:

Kl. 10.00    Kvalifisering gruppespell

Kl. 15.15    Boklansering,Slåttemusikken i Gudbrandsdalen

Kl. 16.00    Finale dansetevling

Kl. 18.00    Finalekunngjering, gruppespell

Kl. 19.00    Konsert med Valkyrien Allstars

Kl. 22.00    Finale gruppespell