Hekla Stålstrenga har hatt ei imponerande utvikling dei siste åra - kritkarroste utgjevingar , den sagnomsuste bobilturneen i Nord-Norge og dokumentaren «Reinhekla magi», samt fulle konserthus land og strand rundt. 

Torsdag 3. april kan du oppleve Ragnhild Furebotten, Anne Nymo Trulsen, Tore Bruvoll og resten av bandet på hovudscena i operaen i Oslo. Førre veke vart det også klart at den nordnorske supergruppa får med seg Ola Bremnes på konserten. 

No kan du vinne billettar til konserten – du treng berre å ta eit bilete!

OPERA - hekla 2_440

OPPGÅVE: 


Ta eit bilete som du meiner skildrar songen «Har du fyr», legg det ut på instagram og merk det med #heklaioperaen! 

NB: Du må ha ein open profil for at me kan sjå bileta. 


Bandet sjølv vel ut dei beste bileta, og vinnarene får:

  • 1.premie:
    2 billettar til Hekla Stålstrenga sin konsert i operaen torsdag 3. april
     
  • 2.premie:
    Hekla sine tre utgjevingar på CD, samt den siste utgjevinga på vinyl
     
  • 3. premie:
    Merch-pakke med t-skjorte, fyrstikkeske, klistremerker m.m.!

Vinnarene vert kåra onsdag 26. mars.

#HEKLAIOPERAEN

Sjå video av songen her: 
 

)

 

OPERA - hekla 2_440.jpg