Kongepokalvinnar og langeleikspelar Ole Aastad Bråten. Foto: Runhild Heggem. |
Kongepokalen vart delt ut under meisterkonserten på Landskappleiken på Geilo sundag. Aastad Bråten kvalifiserte seg til finalspel laurdag, og seint på kvelden var det klart for finale mellom tre kandidatar. I finalen kniva han mot Tom Willy Rustad på cister, som tok andreplassen og Silje Hegg på fløyte, som tok tredjeplassen.
Men til slutt var det Aastad Bråten som stod att som dommarane sin favoritt. Dommarane i klassa for eldre folkemusikkinstrument var i år Tellef Kvifte, Elisabeth Kværne og Svein Westad.
Dette er fjerde gong pokalen er sett opp i klassa for eldre folkemusikkinstrument. Sist kongepokalen vart delt ut i eldre folkemusikkinstrument var på Landskappleiken på Fagernes i 2006. Då vann Knut Aastad Bråten, bror til årets vinnar. Munnharpespelar Anders E. Røine har også vunne kongepokalen i denne klassa, på Oppdal i 1999. Langeleikspelar Gunnvor Hegge fekk pokalen i 1990 på Nordfjordeid.
Vert invitert til meisterkonsert i Operaen
Som vinnar av Kongepokalen i eldre folkemusikkinstrument, vert Aastad Bråten invitert til folkemusikkens eiga festframsyning i operaen i sundag 23. november. Då samlast nemleg eit utval av vinnarane frå Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk til ein stor meisterkonsert i storstua i hovudstaden. Dette er fyrste gong det vert sett opp ein slik festkonsert i Operaen. Les meir om dette arrangementet på www.kappleik.no