Det var nok knytt stor spenning til korleis samanslåinga av sjølvaste Landskappleiken og det nyare Landsfestivalen skulle gå. Etter vår meining var samanslåinga ein stor suksess, takka vera glimrande arrangørar og rekordmange folk samla. Kappleiksområdet var kompakt, men kort avstand mellom tevlingsarenaer, dans og hotell. Folk fekk ei fantastisk oppleving desse dagane. Men om det var ein suksess i år, tyder det ikkje at det treng vera den rette måten å gjera det på i framtida.

Tevlingsklassane var nye for dei fleste, der A-, B- og D-klassane var slått saman til ei seniorklasse, og det var fleire nye konstellasjonar av samspel-klasser for å sameine dei to arrangementa. Dette fungerte i hovudsak bra, men ein del av klassane vart lange og kvaliteten på innslaga var meir vekslande enn vanleg når A- og B-klassingane tevla om kvarandre.

Størst spenning var sjølvsagt knytt til utdelinga av kongepokalen i klassa for dans hardingfele senior. Konkurransen var hard, men det var Ingunn Stræte Lie og Ulf-Arne Johannesen frå Ål som vann, og dermed fekk Kongepokalen. Ulf-Arne vann også lausdans senior, og fekk slik full uttelling i dans! Som ein av dansarane i Frikar har han fått gode høve til å danse dei siste månadene, og karstykke, rytme og stil sat som støypt. At samdansen med Ingunn i hallingspringaren også var som smurt, gjorde det til ein fryd for publikum å følgje dei.

Økonomiske resultat og evaluering er det sjølvsagt for tidleg å seia noko om, men arrangørane hadde rekordstor omsetjing i matteltet, noko som kan tyde på at i allefall den delen av økonomien er på stell.

Landslaget for Spelemenn delte ut mange evalueringsskjema under kappleiken, og mange har allereie svart. Her ønskjer ein svar på kva folk synest om prøveprosjektet. Aftenposten har måndag ei stor sak om NM i folkemusikk, og mange av dei avisa har prata med, seier at arrangementet har blitt for stort.

Til neste år er det uansett klart at det blir vanleg Landskappleiken på Voss og Landsfestival i Eid.