Kappleiken blei avslutta på sundag med ein stappfull idrettshall som spent fylgde med då vinnarane av dei ulike klassane fekk vist seg fram. Heilt til slutt kom høgdepunktet: Det skulle kårast ein vinnar av Kongepokalen. Stemninga stod i taket då det blei kjent at det var Ottar Kåsa som var vinnaren. Ikkje rart, ettersom Ottar bur berre 20 minutts køyretur frå Seljord! Dette var definitivt ein siger på heimebane.

Foto: Knut Utler
Astrid Sulheim frå Lom gjekk av med sigeren i fele klasse A. Foto: Knut Utler

Astrid Sulheim vann feleklassa
Astrid Sulheim frå Lom blei best i fele klasse A, dette var hennar 3. siger i denne klassa. Aslak Brimi frå Lom tok andreplassen og Andreas Skeie Ljones frå Lillehammer blei nummer tre. Same rekkjefylgja som under Landskappleiken i Eidfjord i 2004 faktisk! Ettersom kappleiken i år var i eit hardingfeledistrikt, var det naturleg nok færre som stilte i denne klassa - 9 stykke i alt.

Dans hardingfele gjekk til Valdres
I tillegg til finalane i spel fele og hardingfele var det finale i hardingfele dans. Her skjedde det uvanlege at eit dansepar frå klasse D kvalifiserte seg til finalen. Vinnarar blei Stian Roland og Tone Voldhaug frå Øystre Slidre i Valdres, ein svært populær siger! Her kom Nils Øyvind Bergset og Liv Bergset frå Numedal på andreplass, medan D-klassingane Aud Manheim frå Seljord og Alf Tveit frå Dalen tok tredjeplassen. Deltakinga i dans hardingfele klasse A var god - 24 par deltok. Svein Granøien og Heidi Tovmo frå Rørsos Folkedanslag blei vinnarar av dans vanleg fele A, her deltok 9 par.

Foto: Knut Utler
Stian Roland og Tone Voldhaug frå Øystre Slidre i aksjon under dans hardingfele klasse A. Foto: Knut Utler

Godt nøgde arrangørar
Trass i kanskje tidas mest regnfulle Landskappleik kom arrangementet vel i hamn. Dyrskuområdet var til tider prega av det våte elementet, men godt førebudde arrangørar hadde sytt for tak over dansegolv og matservering. Både fredagskveld og laurdagskveld var det opphald, noko som sjølvsagt sytte for eit yrande folkeliv på Dyrskuplassen der det heile føregjekk på kveldane. Og på kappleiksundagen kikka sola fram for fyrste gong.

Leiar i hovudnemnda for Landskappleiken Lars Bjaadal kan fortelje at  dei som arrangørar er svært godt nøgde, trass i det heller skrale veret. Han kan opplyse at rundt 6000 menneske har gjesta kappleiken og at det nok blir eit overskot, sjølv om det er alt for tidleg å nemne nokon storleik på dette overskotet. Det som han derimot nemner er at Seljord, som den bygd i Noreg som i fylgje Bjaadal har mest arrangørkompetanse, har takla utfordringane med landskappleiken på ein bra måte. Han er svært nøgd med innsatsen til dei 400 dugnadsfolka og skryter òg av gjestene: Politiet hadde ingen ekstra beredskap og det var det heller ikkje grunn til: Alt gjekk utan problem av noko slag med omsyn til orden og den slags. Slik føyar Seljordkappleiken seg inn i rekkja av landskappleikar dei seinare åra. Dette er eit familievenleg arrangement og er prega av mykje ungdom, men òg av at generasjonane møtast til spel, song, dans og moro.

Og neste år, i dagane 27. juni - 1. juli, er det ny landskappleik, denne gong på Otta med  Sel og Otta Spel- og dansarlag. Då skal blant anna skottetoget frå 1612 feirast - altså eit 400 års jubileum.
 

>> KOMPLETTE RESULTATLISTER FRÅ LANDSKAPPLEIKEN