Landskappleiken har fått kongepokal tildelt regelmessig sidan fyrst på 1980-tallet, og kvart år sidan 1992.  I år er det fyrste gong det vert sett opp kongepokal for durspel på Landskappleiken.
Sitat frå brevet frå Det Kongelege Slott ”Vi har herved gleden av å meddele at H.M.M. Kongen setter opp sin Kongepokal til Landskappleiken, og at den etter Deres forslag går til vinneren av seniorklassen for durspill senior”

Durspel (einradar og toradar) har hatt si eiga klasse under Landskappleiken sidan 2005, men har ikkje vore med i rulleringa av klassene der ein har søkt Kongepokal tidlegare. Styret i FolkOrg vedtok at i 2012 skulle det søkjast Slottet om Kongepokal i Durspel senior.

Dette er eit instrument med sterke tradisjonar i Noreg sidan midten av 1800-talet, og kvaliteta på utøvarane i denne klassa er særs høg.

Landskappleiken er i år på Otta i perioda 27.juni – 1.juli. Tevlings- og konsertprogram vert snart offentleggjort: http://www.landskappleiken.no/

Vinnarar av klassa durspel på Landskappleiken f.o.m 2005

  • 2005: Tom Kjetil Tørstad
  • 2006: Håvard Ims
  • 2007: Inge Gjevre
  • 2008: Inge Gjevre
  • 2009: Øyvind Sandum (NM folkemusikk)
  • 2010: Inge Gjevre
  • 2011: Tom Willy Rustad

>> Her kan du sjå liste over tidlegare vinnarar av kongepokalen på Landskappleiken

>> Les meir om Landskappleiken her