Den største innsatsen har Knut gjort som spelemann for mange leikarringar og lag i Oslo gjennom mange år. Med trioen sin har han sytt for god dansemusikk på eit utal dansefestar og leikfestar. Han var tidleg ute med å spele inn turdans og gamaldans på band og seinare på CD, og det har vore til stor hjelp for leikarringar og gamaldansklubbar i heile landet. Knut har også ofte spela i radio og har spela inn ei lang rekkje slåttar for Folkemusikkarkivet i Valdres. Knut har vore spelemann på ei rekkje turar i utlandet. Han er A-klasse-spelemann, men har ikkje vore nokon trottig kappleikspelemann. Han har vore domar på kappleikar og ofte spela for kappleikdansarar. Knut er æresmedlem i fleire lag, mellom dei leikarringen Symra. For nokre år sidan fekk han Haldor Røynes ærespris.
Knut er fødd i Slidre i 1932, men flytta alt som 18-åring til Oslo der han har budd det meste av livet. Han flytta attende til Valdres i 2008. På grunn av sjukdom har det blitt mindre offentleg speling dei siste åra.