Lars Fykeruds musikalske geni og den viktige rolla hans i folkemusikken er einaste ingrediens i ei ny framsyning om folkemusikkens svar på Elvis.
– Per Anders Buen Garnås og eg planlegg ein turné med omlag 17 konsertar i løpet av sommaren og hausten, seier Hallgrim Berg, som saman med Buen Garnås skal ut på vegen med framsyninga «Lars Fykeruds triumf og tragedie – ei konsertforteljing».
Lars Fykerud (1860–1902) var si tids Elvis i Telemark og for det hardingfeleinteresserte Noreg og Amerika. Stilskapar, scenekunstnar, showmann. Umåteleg populær som dansespelemann og kappleiksvinnar, og med legendestatus frå tre Amerika-opphald gav han hardingfelespelet status og posisjon i den norske nasjonsbygginga mot slutten 1800-talet. Den kunstnarlege og økonomiske suksessen fekk ein brå slutt i møte med jordiske freistingar og sjukdom. 2000 menneske følgde han til grava på Bø kyrkjegard, fortel Berg.
Per Anders Buen Garnås. Foto: Eivind Kaasin |
Opningskonserten blir i starten av Folkemusikkveka. Deretter er turnéboka full til reisa endar på Riksscenen i november.
– Per Anders spelar, og eg er forteljaren. Det er ei gripande soge om Fykerudens stormfulle liv og lagnad, der ord og tone skal vera i samklang, med vakre slåttar og gjennomarbeidd manuskript, seier Hallgrim Berg.
Konserten inneheld noko så sjeldan som ei livssoge og solo hardingfelespel tvers gjennom, utan «mix og max, pling og plang», slik Berg uttrykkjer det.
– Eg er så «fortapt» i godt felespel at eg vil vera med på å hylle denne kulturtradisjonen særskilt – både for å ta fram dei utruleg vakre og krevjande slåttane etter Lars Fykerud, men òg for å heidre hardingfela og slåttespelet som kunstform. Eg trur det er mange år sidan nokon har brukt så mykje tid og krefter på å laga ei framsyning som går på reint solo slåttespel, seier Berg, med adresse til alskens «cross-over»-framsyningar og eksperimentering.
Plakaten for framsyninga. |
Eit av måla bak framsyninga har vore nettopp dette: Å laga ei fin stund for publikum, med overtyding om at ei konsertoppleving kan vera minnerik sjølv om ho er reint akustisk.
– Vi har lagt vekt på spelestader som er intime og «står til» det stoffet som skal framførast, seier Berg, som og prisar samarbeidet med Per Anders Buen Garnås.
– Det fine med Per Anders er det allsidige repertoaret hans, slik at vi kan variere slåttevalet, og ordvalet, alt etter kvar og når vi opptrer. Nå er han på topp som spelemann, og eg legg bort alle bokplanar og konsentrerer meg heller om å nyte felespelet dette året, avsluttar Berg.
Framsyninga har premiere under Folkemusikkveka i Ål i onsdag 28.mai
FAKTA
Lars Fykerud har komponert og sett sitt klare stempel på ei lang rekkje slåttar som spelemannsmiljøet i all ettertid har halde fram som særleg vakre og krevjande, til dømes Fjellrosa, Duft, Vårlengt, Signe, Rosa, Veneflamma, Markensmåndagen, Livius Smitts Minne ofl.
Per Anders Buen Garnås står i dag i aller fremste rekkje som utøvar av det klassiske slåttespelet på hardingfele. Med ein særleg kjærleik til Fykerud-spelet har han ofte nytta desse slåttane når det skal gjerast bragder på kappleikar, seinast under Landskappleiken på Røros i 2013, og fem gonger som vinnar av Fanitull-tevlinga under Folkemusikkveka i Ål.
Hallgrim Berg er forfattar av manuskriptet og forteljaren. Attåt legendene er nytt og interessant stoff er grave fram. Forteljaren legg vekt på språkføringa og vil at ord og tone skal klinge saman. Han er sjølv spelemann og kappleiksdomar, og vil i framføringa også drøfte kva som kan vera mellom kjenneteikna på det me kallar «det store felespelet».
SPELESTADER FOR «LARS FYKERUD – TRIUMF OG TRAGEDIE»
28. mai: Hagaled gjestegard, Nesbyen
16. juli: «Sumarkonsertar» Heddal bygdetun, Notodden
22. juli: «Sommarkonsertane», Hol gml. kyrkje
23. juli: Den nye stavkyrkja, Gol
24. juli: Holmsbu billedgalleri, Hurum
27. juli: Vatnås kirke, Sigdal
29. juli: «Middelalderveka», Nore stavkyrkje
1. august: Setesdalskappleiken, Rysstad
10. august: Telemarksfestivalen, Evju-tunet, Sauherad
20. september: Vinje kulturhus, Åmot
21.september: Vest-Telemark museum, Eidsborg
26. september: «Generasjonskveld i Tinn», Tinn Austbygd
23.oktober: Granvin kultursenter, Seljord
25.oktober: Osa-festivalen, Voss
27.oktober: Tokestua kultursal, Drangedal
28.oktober: Ibsenhuset, Skien
30.oktober: Ål kulturhus, Ål
2. november: Riksscenen for folkemusikk, Oslo