Fleire publikumsfavorittar stiller til start i dag. Vagverein, som består av karane Rikard Odnes (trekkspel), Jørn Kjetil Solbakken (trekkspel), Eirik Schjølberg (fele) og Simen Grindstuen (bass) er fyrste deltakarar i den nye klassen for samspel junior. Klassen er ikkje av dei største på Landsfestivalen. Konkurrentane er, i tillegg til Vagverein, HenChriMar, Vardkampen og O.S.T. Ifylgje Eirik er nervane før tevlinga under kontroll.
- Vi gruar oss ikkje, nei. Ikkje når vi er fleire saman. Det er verre når ein spelar åleine.

Karane, som er i alderen 16 til 18 år har spelt saman i to år, er publikumsfavorittar på heimebane i Vågå.
- Vi reknar med at både foreldre og besteforeldre har møtt fram for å heie på oss, seier Eirik.
- Spelar de mykje til dans i helgene?
- Nei, eigentleg ikkje. Vi har ikkje så mange oppdrag.

Anders stiller også
Det er fyrste gong gruppa Vagverein stiller til start i ein musikkonkurranse, og låttane er innøvd for lenge sidan. Til tevlinga i dag spelar dei leikane ”Frydenlundin” og ”Massurka etter Amund Bjørgen”.

Også storebroren Anders (19) stiller til start på Landsfestivalen i Vågå. På fredag deltek han i lagspel med Vågå Spelmannslag, og laurdag spelar han med gruppa Vågåmål i klassen for gruppespel.
- Kva slags forventningar har du til deltakinga, Anders?
- Det ville vore artig med finalespel i gruppespel, men eg tvilar på at det vil skje.
- Ikkje?
- Det er mange gode konkurrentar.

Anders fortel at han har vore med på Landsfestivalen og Landskappleiken i mange år.
- Eg byrja å spele då eg var 7 år. Fyrste Landsfestivalen eg var med på var i Førde i 2002. Fyrste Landskappleiken min var på Røros i 2005, den gongen i C-klasse.
- Lykke til med tevlingane, Anders!
- Takk for det!

Favoritt frå Ryfoss
Også meisterspelemannen Tom Kjetil Tørstad (35) frå Ryfoss stiller til start.
- Eg håpar på god stemning i salen, seier favoritten Tørstad, som deltek i klassen for solo durspel senior og solo andre instrument senior.
- Kva slags forventningar har du i dag?
- Eg håpar eg presterer opp mot det eg kan. Får eg til det, får det vera bra.
- Kor mange år har du vore med på Landsfestivalen?
- Oi, det byrjar å bli ein del år. Dei yngste deltakarane her på Landsfestivalen var ikkje eingong fødde.

Tørstad, som også arrangerer det velkjente Storefjelltreffen på Golsfjellet, gler seg til festivaldagar i Vågå.
- Eg ser fram til tevlingane, men òg det sosiale – utan tvil. Her får eg høve til å treffe heile gamaldansfamilien, noko som betyr mykje for meg.

Andre postar på programmet torsdag er offisiell opning kl. 12 ved statssekretær Kjersti Stenseng. Klokka 23 i kveld er det konsert med gruppa ”Sol i skuggeskog” i Vågå kyrkje. Meir om festivalprogrammet her!

Programmet for dagen ser slik ut:
Kl 0900-1200 Kvalifisering durspel jr. og sr. (Vågåhallen)
Kl 1200-1230 Offisiell opning (Vågåhallen)
Kl 1300-1430 Kvalifisering andre instrument jr. og sr. (Vågåhallen)
Kl 1430-1630 Kvalifisering fele og hardingfele jr. og sr. (Vågåhallen)
Kl 1630-1730 Samspel jr. (Vågåhallen)
Kl 1800 - Kunngjering av finalistar (Matteltet)
Kl 2000-2300 Finale samspel jr. + alle soloklassar sr. (Vågåhallen)
Kl 2300-0030 Kyrkjekonsert: ”Sol i skuggeskog” (Vågåkyrkja)
Kl 2300-0200 Dans (Vågåhallen)
Kl 2130-0200 Dans (Matteltet)
Kl 2300-0300 Nattdans (Vågå Hotel)