«Årets lokallag» er ein pris som vert delt ut av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. I år går prisen til lag som har gjort eit spesielt godt arbeid for å skape gode arenaer for dansen i møte med folkemusikken. Prisen er på 10 000 kroner. 

I år går prisen til Klæbu Torader- og danselag for deira arbeid med arenaer for folkedans. 

Særs vellukka møteplass

Mykje av aktiviteten i laget kretsar rundt «Onsdagsdansen» som har vorte arrangert den andre onsdagen i månaden i mange år.

- Laget har drive godt arbeid over lang tid, med aukande deltakartal. Faste kveldar er opne for alle, og med stort fokus på trivsel. Dansen trekkjer folk frå nærområdet, og har óg jamt besøk langvegs frå, seier styreleiar i FolkOrg Per Øyvind Tveiten.  

Gjennom den faste «Onsdagsdansen» held dei lokale dansetradisjonar i bygda levande, og gjennom kurs og opplæring løftar dei kunnskapen om folkemusikk og –dans. 

- Dei har opparbeidd eit godt nettverk av spelemenn og dansarar, og har etablert ein arena som er viktig i området og som er eit godt døme på vellukka møteplass mellom musikken og dansen, heiter det i grunngjevinga. 

- Godt samarbeid med grunnskulen og fast opplegg med folkemusikk og –dans på på opptreningssenter i bygda er òg eit pluss, der den aktiviserande, stemningsskapande og «helsebringande» folkemusikken kan bli kjend og opplevd også for nye. 

Arbeidet til Klæbu Torader- og danselag fyller på ein framifrå måte kriteriet for Årets lokalag 2014 om å skape gode arenaer for dansen i møte med folkemusikken.

Dei andre nominerte lokallaga var Jostedalen spel- og dansarlag og Ål spel og dansarlag. 

Prisen for Årets lokallag vart oppretta i 2012, og tidlegare vinnar av prisen for årets lokallag er Seljord Spelemannslag for godt rekrutteringsarbeid innan folkemusikk og –dans, og Eiker spelemannslag for sitt arbeid med revitalisering av lokale folkemusikktradisjonar.