Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Samla av Olav Steffen Eide

Kjømeisersongar

Cd-cover Kjømeistersongar

Kjømeistersongar, Olav Steffen Eide.

Denne SongBok/Notebok/CD-produksjonen dokumenterer kjøkemeistertradisjonar gjennom fem generasjonar og er såleis eit kulturhistorisk bidrag til ein del av den norske vokale folkemusikktradisjonen. Her kan ein lesa, lytte og lære om ein tradisjon skapt for ei tid då bryllaup vara i tre dagar til ende.

Steffen Eide har samla 50 kjøkemeisterviser som alle er teke med her, med både tekst og notar, og 40 av dei er sunge inn. Her er både kjende og ukjende melodiar.

Sjølv om delar av dei tradisjonelle seremoniane og rollene har endra seg, kan boka lesast med moderne briller.  Boka kan vera både ei bruksbok og ei inspirasjonskjelde til å dikte sjølv og nyttast til å kaste glans over bryllaupsfestar og andre gilde lag.

I dag er det toastmaster og seremonimeister som har teke over ein del av kjøkemeisterens tradisjonelle rolle. Repertoaret som er samla her, syner nettopp kjøkemeisterens allsidige og omfattande oppgåve, som til dømes tittelen ”Vers til å leie brua til sengs” tyder på. Nokre av visene er ikkje direkte knytte til det seremonielle, men er meint som rein underhaldning, skriv Etnisk Musikklubb i si pressemelding.

Initiativet bak prosjektet var kvedaren Agnes Buen Garnås. Og artistane som har bidratt på plata er Ingrid Gjertsen (tekst), Steffen Eide (vokal, gitar, hardingfele og trekkspel) og Sigvat Eide (hardingfele).

Det er Plateselskapet Etnisk Musikklubb som står bak utgjevinga med økonomisk støtte fra Norsk kulturråd, MFO, Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk kvedarforum og Hordaland fylkeskommune.


 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk