Kjære folkemusikk- og folkedansvener!
Det har vore stor aktivitet i folkemusikk- og folkedansmiljøa i Noreg i 2012 – både lokalt og nasjonalt, blant lag, utøvarar, arrangørar og festivalar. Folkorg har auke i tal på medlemar og nye lag har søkt om medlemskap. Det lovar godt!
På årsmøte i april valde eit samla årsmøte Per Øyvind Tveiten som ny styreleiar. Vi takkar Maria Høgetveit Berg for den gode innsatsen som styreleiar i Folkorg sidan stiftinga i 2009.
Gudbrandsdalen har vore sentral i sommarens store arrangement. Landskappleiken på Otta gjekk som smurt, triveleg stemning, godt ver og ei gjennomføring utan problem. For fyrste gong hadde Folkorg i samarbeid med Utenriksdepartementet invitert ei gruppe med utenlandske journalistar til Landskappleiken.
Sju journalistar frå 4 land fekk oppleve Landskappleiken, kanskje Europas eldste festival – i alle fall den mest særprega. I etterkant har Landskappleiken vore omtala både i tysk nasjonal radio, i spansk nasjonal radio, i magasina Folker og fRoots og på ei rekkje nettaviser.
I august var det Landsfestival på Vågå, der dei heller ikkje stod tilbake for Otta. Eit arrangement med trivsel, godvér og profesjonell gjennomføring. Dei kan og skilte med eit fantastisk økonomisk resultat med meir enn kr 700 000 i overskot. Det er gledeleg at både Landskappleiken og Landsfestivalen kan syne til kring 10 % auke i deltaking.
Rikskonsertane og Folkorg har i 2012 gjennomført IntroFolk. Det var semifinalar under Folkemusikkveka på Ål, Førdefestivalen og Telemarksfestivalen. Finalen gjekk av stabelen på Kalottspel med Andreas Bjørkås, Mari Skeie Ljones og Erlend Viken som finalistar. Erlend Viken gjekk av med sigeren, og vil gjennomføre ein produksjon og turné med Rikskonsertane.
Folkelarm har vore under evaluering av ei uavhengig gruppe i 2012. Jan Lothe Eriksen har leia arbeidet. Vi har fått ein grundig og konstruktiv rapport som er god å arbeide vidare ut frå. Hovudkonklusjonen er at vi treng Folkelarm, og at den må halde fram. Men det er ein del ting som kan verte betre.
7. januar skal vi ha eit seminar på Riksscenen der rapporten vert presentert og debattert, der er alle velkomne. Vi vil allereie i 2013, når Folkelarm igjen skal arrangerast, merke forskjellar, andre endringar treng vi meir tid på å gjennomføre. Ny prosjektleiar, Sigurd Reinton, er på plass og godt i gong med planlegginga.
I september arrangerte Folkorg ”Helgen i Bergen”, der vi delte ut Folkelarmprisane, hadde kurs, konsertar og dans. For fyrste gong delte Folkorg ut prisar for beste lokallag og beste folkemusikkarrangør. Seljord spelemannslag fekk prisen for beste lokallag og Colombi egg gjekk av med sigeren som beste arrangør.
I november fekk Folkorg sin grafiske profil, som og omfattar Landskappleiken og Landsfestivalen, og folkemusikk.no. Det vart markert på Riksscenen, i samarbeid med designbyrået Provinsen.
Folkorg har jobba politisk på mange felt, mellom anna Frifond, dans, kultur og næring, hardingfelemakarfaget, stønadsordningar, Unesco sin konvensjon om immateriell kulturarv, og folkemusikksentra. Nettstaden vår folkemusikk.no har særs gode lesartal og bladet Folkemusikk syner bredda i miljøet. Vi er glade for at folkemusikk og folkedans held fram med å engasjere!
Vi vil og i 2013 freiste å leve opp til det som Stortingsrepresentant Svein Harberg (H) for nokre dagar sidan sa under budsjettmøte på Stortinget:
”FolkOrg gjør et utrolig viktig arbeid for folkemusikk og folkedans, og Høyre har foreslått å styrke dette med 1 mill. kroner i 2013.”
Eg vil takka både ein hardt arbeidande administrasjon og eit engasjert styre for arbeidet i 2012, og eg ser fram mot vidare samarbeid i 2013.
Eg vil ønskje alle, og særskilt medlemar og lag, styre og administrasjon, ei fredfylt julefeiring og eit nytt år fylt av gode folkemusikk- og folkedansopplevingar!
Julehelsing frå
Linda Dyrnes
Dagleg leiar