2011 har vore eit innhaldsrikt år for folkemusikken og folkedansen. Det er stor aktivitet i laga våre, og heldigvis kjem det nye, unge medlemer til i mange av dei. Rekruttering er avgjerande for vidare aktivitet på feltet. Vi kan sjå at dei held fram når det vert lagt til rette for det, og laget lukkast i å lage eit godt sosialt miljø. Det lovar godt for framtida. FolkOrg ynskjer å bidra for å få dette til, og vi håpar laga tek kontakt om dei vil ha hjelp frå oss.
Hjå utøvarane skjer det mykje spanande både mellom dei unge og dei som har halde på ei stund. Det kan vi mellom anna sjå på alle dei Spelemannsnominasjonane som gjekk til folkemusikarar i år; norske og samiske folkemusikarar er nominert innanfor heile 8 klassar. Vi ynskjer alle dei nominerte lukke til! Neste år håpar vi at dei mest tradisjonelle uttrykka også vert satt pris på.
Dei tradisjonsrike arrangementa Landskappleiken og Landsfestival en i gamaldansmusikk vart i år arrangert på Seljord og Oppdal. Trass i at vergudane ikkje var med oss på arrangementa, viste dyktige arrangørar at dei kunne lage god stemning . Dei kan båe skilte med gode økonomiske resultat. 22.juli vart Noreg ramma av ufatteleg tragiske hendingar. Festivalarrangørane, både på Oppdal og andre stader, måtte då fatte avgjersler dei ikkje kunne vore budd på, men som dei takla det på eit verdig vis. Våre tankar går til ofra og dei pårørande etter terroren.
Det har vore ei rekkje andre gode folkemusikkfestivalar i 2011, og dei visar ein høgst levande tradisjon med høg kvalitet. Bransjetreffet Folkelarm vart og i 2011 arrangert på Riksscenen, og med stor suksess. I 2012 skal Folkelarm evaluerast. Vi vil finne ut av på kva måte Folkelarm best kan oppnå måla sine; nemleg å få fleire jobbar og meir merksemd for nordiske folkemusikarar og folkedansarar i inn- og utland.
FolkOrg ynskjer fleire og sterkare arrangørar som har folkemusikk og folkedans på plakaten. Vi har difor satt i gang eit arbeid for å kartleggje kva som trengs av bistand ute blant store og små arrangørar i Noreg. Vi har fått laga eit kræsjkurs for konsertarrangørar som vart helde under Folkelarm i år. Same kurset vil verta arrangert fleire gonger, mellom anna i ei kursrekkje i samarbeid med kompetansenettverket MØST.
Kompetansenettverka, som folkemusikksentra er ein del av, skal evaluerast av Norsk kulturråd i 2012. FolkOrg vil saman med folkemusikksentra vera aktive i den prosessen.
Vi har satsa mykje på nettstaden www.folkemusikk.no i 2011, og det har gjort at vi har fått ei kraftig auke i tal på lesarar. Bladet Folkemusikk set aktuelle tema på dagsorden og skapar debatt om desse. Du kan no få kjøpt bladet på Narvesen om du ikkje abonnerar.
FolkOrg vil takka alle samarbeidspartnarar for ein god innsats i 2011, og for all den gode aktiviteten som går føre seg på alle nivå.
Vi ynskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!
Linda Dyrnes
Dagleg leiar, FolkOrg