Kirsten Bråten Berg var saman med Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch på Riksscenen for å opne budsjettframlegginga med eit musikalsk innslag. Stor var difor overraskinga då ho vart utnemnd til statsstipendiat av kulturminister Huitfeldt med Lien og Rasch som entusiastiske tilhøyrarar på scena. Huitfeldt fortalde at Lien hadde vore ein av pådrivarane for utnemninga.
Folkesongar og sylvsmed Kirsten Bråten Berg er ein av landets aller viktigaste tradisjonsberarar av vokal folkemusikk. Ho er født 1950 i Arendal, og busett i Setesdal sidan 1973. Ho har brukt tradisjonsmusikken i nye samanhenger, til dømes i samarbeidet med jazzmusikaren Arild Andersen, og i prosjektet Frå Senegal til Setesdal. Ho er høgt dekorera, i 2005 blei ho slått til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St Olavs Orden.
Bråten Berg starta sitt samarbeid med andre musikarar i gruppa Slinkombas (1978-1982). Gruppas første utgjeving fekk spellemannpris. Av medlemmene i Slinkombas er det særleg Hallvard T. Bjørgum ho har samarbeida med i åra etterpå. Dei har gjeve ut fleire plater saman. Første soloplate Kirsten Bråten Berg kom i 1980, sidan har ho kome med soloutgjevingane Min kvedarlund, som og fekk spellemannpris, og Syng du mi røyst, og i år er ho aktuell med plata Songen.
Ho har og vore kulturpolitisk engasjert, og sitte i Kulturrådet (1992-1996) og i styret til Rikskonsertane (frå 2000).
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg gratulerer Kirsten Bråten Berg med statsstipendiatet.