Adr.: |
Volbu N-2940 Heggenes |
Tlf1: | (+47) 61 34 04 77 |
Tlf2: | (+47) 480 36 554 |
E-post: | Send e-post |
Karlberg, Marit
Marit Karlberg (tidl Mattisgard) har utmerka seg dei siste ti åra med ei av dei mest særeigne stemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ og nyskapande. Viktige læremeistrar og inspirasjonskjelder er Ingvar Hegge og Rolf Karlberg. På repertoaret har ho alle slags viser, og ho har bruka mykje tid på å leite i gamle songbøker og arkiv etter lite brukt stoff. Ho har utvikla sin eigen spelteknikk på langeleiken som ho brukar til å akkompagnere seg sjølv med. Karlberg var med i vokalgruppa Dvergmål (1995 - 2005) og duoen Mattisgard/Røine (2003 -2006. No Marit Karlberg og Anders Røine). Hausten 2005 hadde Tryllefløyta – ein folkeopera (regi Leif Stinnerbom)premiere på den norske Opera. Karlberg spela ei av ternene i stykket, som blei sett opp på rundt førti scener i Noreg og Sverige, og er Rikskonsertanes største satsing nokon sinne. Karlberg har arbeidd som distriktsmusikar i Valdres, og er utdanna bibliotekar. Ho er kvalifisert for eliteklassa, klasse A, på landskappleiken, men stiller sjeldan opp i musikkonkurransar. I 2006 hadde ho statens arbeidsstipend for folkekunstnarar.
Diskografi
Visor og kvæde frå Blåberglandet (Grappa 1996) med Dvergmål
Song i himmelsalar (Grappa, 2004) med Dvergmål
Tre ord te de (Ta:lik, 2003). Soloplate
Sudan Dudan (Ta:lik, 2006) med Anders Røine
Underlege makter (Ta:lik, 2006) med Henning Andersen
Medverkande
Ulrik (Grappa, 1992)
Hei så dansa jenta mi (Valdres Folkemusikklag, 1995)
Masterpieces from Norway (Grappa, 1997)
Lått og leven (Valdres Folkemusikklag, 2001)
Norsk folkemusikk og folkedans (Grappa, 2001)
Gjenklang (Grappa, 2006)
Juledrøm (MFC, 2006)
Norvege – Musiques Traditionelles (2007)
Priser
Nominert til Spellemannpris for plata Visor og kvæde frå Blåberglandet (Grappa 1996)
Sagaprisen (1997)
Nominert til to Folkelarmprisar for plata Sudan Dudan (2006)
Haldor Røynes ærespris (2006)
Nominert til Spellemannprisen for Juledrøm (2006)
Presse/Kringkasting
Portrettert på NRK P2, Folkemusikktimen
Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling