Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Draumkvedet

Karl Seglem og Berit Opheim Versto

Draumkvedet_karl_Seglem_Berit_Opheim_foto_norcd

Med sin særeigne stilling i norsk og nordisk folkedikting og kvedartradisjon har Draumkvedet, heilt sidan Jørgen Moe og M.B. Landstad skreiv det ned ikring midten av 1800-talet, fått oss til å stille dei store spørsmåla om liv og død på nytt.

Draumkvedet er den mest sentrale og viktigaste middelalderballaden vi kjenner til. Dette visjonsdiktet fasinerer, utfordrar og provoserer. Berit Opheim Versto har arbeida med middelalderballaden i mange år og leverar ei fantastisk framføring: sunge inn i Voss kyrkje.

Karl Seglem vart så inspirert at han måtte svara ved hjelp av bukkehornet sitt og elektronikk. Han har arrangert ein versjon for duo: song og
bukkehorn, og orkestrert det heile ved hjelp av bukkehorn, natur og hardingfele-samples m. meir.

Merkeleg nok finst det etter måten nokså få innspelingar av Draumkvedet. Den sist utgjevne versjonen kom i 2006: Arne Nordheim si tolkning av balladen, som ein utvida versjon med fullt Orkester og solistar (urframført/teater 1994).

Det er kanskje ikkje for kven som helst å gje seg i kast med å fortelja - synga denne middelalderballaden? Berit Opheim Versto tilfører den noko heilt nytt - mellom anna improvisasjon, og har ei unik formidlingsevne som rører ved alle som vågar lytta på denne urgamle forteljinga om Olav Åsteson. Han sovnar julafta og vaknar trettande dag jul, for så å fortelja kva han har drøymt. Fantastisk sterke, skakande, styggevakre draumar - som rommar det meste av det ein i eit lite menneskeliv kan drøyma om.

Stein Versto har skrive ein interessant artikkel til CD-boka, der han stiller nye spørsmål ved opphavet til Draumkvedet.

Plateomtale er henta frå www.norcd.no
 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk