Sendinga startar kvar dag kl. 12.00 på www.hallingdolen.no . Dette er ei storsatsing frå avisa Hallingdølen. Kvar dag kjem det nye gjester i studioet ved Geilo amfi, i tillegg til reportasjar og intervju frå kappleiksområda m.m.. Programleiar for sendinga er Sigrun Høgetveit Berg og Pål K. Medhus er utegåande reportar.  

- Me skal prøve å formidle alt det kjekke som går føre seg på Geilo desse dagane. Meininga er at me ikkje skal snakke om det som skjer, men vise det fram. Me vil også ta opp folkemusikkaktuelle ting, problemstillingar og utfordringar som finst i folkemusikkmiljøet. Det blir ingen krevjande eller gravande journalistikk, men me stiller spørsmål, fortel programleier Sigrun Høgetveit Berg til Hallingdølen. 
 

> Sjå livesendinga frå laurdag her
> Sjå livesendinga frå fredag her

> Sjå livesendinga frå torsdag her
> Sjå livesendinga frå onsdag her