Laurdag 2. april er det tid for Valdreskappleiken 2011. I år er arrangementet lagt til Sør-Aurdal ungdomsskole på Bagn. Her møter alt frå solo spelemenn til spelemannslag, dansarar, songarar og gamaldansgrupper.

Etter kappleiken på dagtid (frå 12 til 17) er det tid for konsert og dans frå klokka 18.00 og utover.

Konsert og dans

På konserten får ein gleda av å høyre storspelemenn og kulturpersonlegheitene Erland Joplassen, Daniel Storengen, Gudbjørg Fønhus Stensrud, Langeleik gruppe og Begnaljom Spelemannslag.

- Dansespelet startar kl 20.00, og me vil få høyre både gamaldans og bygdedans frå blant andre Sivert Holmen, Sondre Håkon og Mikael Kjøbli, Andris Hemsing, Erland Joplassen og Jan Beitohaugen Granli.

I tillegg medverkar Ringerike spelemannslag (m.m.a. Per Erik Berge, Erling Pettersen, Asbjørn Kolden og Ingeborg Danbolt), Valdreskvelven spelemannslag (m.m.a. Laura Ellestad, Ivar Hemsing og Oddbjørn Skeie) og  Huldrelaget (Audun, Ingrid og Knut Oddvar Rogne, Øystein Nicolaysen og Toralf Baldersheim).

Dessutan kjem Begnaljom Spelemannslag og Valdresspel med Ingunn Bjørgo, Bente Midtsveen, Olav Tronrud og Jan Beitohaugen Granli.

- Vi meiner rett og slett at dette er ei imponerande liste av gode spelemenn og –kvinner, seier arrangørane.- Me  minner også om at det er mogeleg å melde seg på kappleiken på kappleiksdagen.

– Bli med!

Tevlingsleiar Runar Kolsrud oppmodar alle folkemusikarar og – dansarar om å merke seg tidspunktet for kappleiken, og gjerne melder seg på så fort som råd.

– Bruk nettadressa www.paamelding.folkemusikk.no, seier han. Påmeldinga er open frå 1. mars. Skulle nokon få hug til å delta på sparket, opnar han som nemd for påmelding fram til kl 14.00 laurdag 2. april.

– Bli med og lag ein minnerik kappleik, anten som deltakar enn publikum, avsluttar Kolsrud.

Dansedykk på Riksscenen

Interesserte finn meir informasjon om Valdreskappleiken på denne Facebook-sida. Om du vil melde deg på, kan du gå rett til denne sida hos FolkOrg.