Åkerfallet var heimplassen til songaren Magnhild Havdal Almhjell (1894-1985) og spelemannen Erik Almhjell (1881-1963). Sidan 2001 har Anne Kleivset sørga for at det har vore heldt årlege konsertar på låvebrua på garden. Tingvoll kommune fekk kjøpe garden i 2007 og er eitt av tre delprosjekt Tingvoll kommune skal utvikle under paraplyen "Småsamfunnssatsninga i Tingvoll". Her ynskjer ein å skape ein levande folkemusikkstad i Magnhild og Erik Almhjells ånd.
SENTRAL TRADISJONSBERAR: Magnhild Almhjell er ei viktig kjelde og formidlar av tradisjonsmaterialet frå Nordmøre. |
- Målet med Åkerfallet er å skape eit knutepunkt og ein formidlingsstad for folkemusikk på Nordmøre. Her skal det bli scene, kurslokaler og utstilling som fortel om songaren Magnhild, spelemannen Erik og om song-, dans- og folkemusikktradisjon på Nordmøre. I tillegg er målet at "Åkerfallet" skal bli ein pådrivar for folkemusikkaktivitet og formidling utover det som skjer oppe på sjølve garden, heiter det på deira heimesider.
For 10. gong.
Denne helga vert Åkerfallkonserten arrangert for 10. gong, og dette vert markert med jubileumsframsyninga «Magnhild», som er eit et folkemusikkalsk teater med utgangspunkt i Magnhild Almhjell sitt liv og repertoar.
- Magnhild Almhjell er ei av dei viktigaste kjeldene til gammal songstil vi har i Noreg. Ho har etterlatt seg eit repertoar med stor breidde. Her finn ein både religiøse folketonar, bånsullar, kringelhauk, skillingsviser, dialektstubbar og meir. Det at Magnhild hadde lært songen hjå så gamle kjelder, og samtidig levde så lenge at ho nådde i bandopptakaren, gjer at vi har fått spela inn ein songtradisjon som omtrent er forsvunne i dag.
Regien og manuset for framsyninga er det Hege Rohde står for. Med seg på laget har ho Anne Kleivset som har den musikalske regien. På scenen står utøvarar som Unni Boksasp, Gro Kjelleberg Solli, Øystein Sandbukt, John-Ivar Smiseth og Torgeir Leivdal.
Framsyninga vert sett opp to dagar. Både laurdag 4. juni og sundag 5. juni kan du oppleve framsyninga på garden Åkerfallet.
Les meir om konserten, garden Åkerfallet og tradisjonsbæraren Magnhild Almhjell på nettstaden http://aakerfallet.blogspot.com/