Det er med sorg vi får vita at Jon Jelmert og kona Marit omkom i ei tragisk ulukke i Fusa 27.01.13. Jon har vore sentral i folkemusikken, som ein som tok inititativ til å oppretta Hordaland folkemusikklag, som den første leiaren der og som aktiv pådrivar i områdelaget gjennom heile tida. Jon var vel likevel først og fremst pedagogen og inspiratoren for fleire generasjonar av komande spelemenn - omtykt, inspirerande og heilt unik i sitt engasjement og i sin evne til å formidla kunnskap.
På styremøte 25. januar 2013 vart han av styret i FolkOrg utnemnd til æresmedlem i FolkOrg. Våre tankar går til familien, først og fremst dei tre ungdomane som sit att utan mor og far. Tapet er ikkje til å fatta. Vi kan lite gjera, anna enn å seia takk til Jon og Marit og lysa fred over deira minne.
Per Øyvind Tveiten, styreleiar FolkOrg