Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Dalstroka innafor

Johanne Flottorp, Gard Nergaard & Tor Hoslemo

Diverse_artistar_dalstroka innanfor

Agder folkemusikkarkiv presenterer ei cd-plate med tre hardingfelespelarar frå Agderfylka som alle er av dei fremste utøvarane i sin aldersklasse.

Dette er ungdomar som utan blygsel står fram med den lokale musikktradisjonen sin. Dei har allereide solid sceneerfaring frå kappleikar, talentkonkurransar og haugevis med lokale arrangement. Når dei no har nådd eit så høgt nivå som utøvarar, og er svært viktige som vidareførarar av kvar sin slåttespeltradisjon frå Agder, ynskjer me med denne plata å gje dei ein vidare inspirasjon til arbeidet med folkemusikken sin. Samstundes er plata ein dokumentasjon på kvalitet i voksteren i folkemusikkmiljøet på Agder, og det vert her presentert tradisjonar og slåttar som sjeldan og aldri har vorte gjevne ut på plate før. Denne plata vert også ei delmarkering av 10-års jubileumet til Agder folkemusikkarkiv

Johanne Flottorp (f. 1991) frå Åmli. Ho har hovudsakeleg gått i lære hjå Salve Austenå, og det er Åmli-/Tovdalsspelet som er hennar tradisjon. I tillegg nemner ho Øystein Rød (Grimstad) og Annbjørg Lien som gode læremeistrar og inspiratorar. Ho har markert seg sterkt med gode plasseringar på kappleikar og kome til landsfinalen i Ungdommens kulturmønstring (UKM). Johanne er no elev på Dahlske videregående skole i Grimstad, der ho går på musikkline med hardingfele som hovudinstrument.

Gard Nergaard (f. 1993) frå Øyslebø. Den sjeldne slåttertradisjonen frå Marnardal høyrer til Gard sitt hovudrepertoar, og det er denne han brukar på cd-plata. Gard har lært mykje av Paul Sveinall, men i og med at slåttetradisjonen i desse bygdene er mest utdøydd har han også arbeidd med noteoppskrifter og lydbandopptak. Gard har markert seg på kappleikar, UKM og andre arrangement. Han vert mykje bruka som dansespelemann i sitt lokalmiljø, han underviser i slåttespel og han arbeider med å skrive ned lokal folkemusikk på notar.

Tor Hoslemo (f. 1992) frå Bykle. Tor kjem frå det rikaste hardingfeleområdet på Agder, så det er setesdalsspelet som er hans tradisjon. Han har vunne hardingfele yngste klasse på landskappleik i tillegg til mange sigrar på lokale kappleikar. Han har også motteke fleire arbeidsstipend m.a. Aust-Agder fylke sitt kulturstipend.Tor har tileigna seg spel frå alle dei fremste tradisjonsbærarane i Setesdal i dag.

www.emcd.no


| E-mail this | Print this |
Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk