Festivalen på Fagernes har namnet sitt etter spelemannen Jørn Hilme frå Ulnes, og har blitt arrangert sidan 1960. Jørn Hilme-stemnet har eit mangfaldig program, og inneheld både konsertar, stor kappleik, kurs, utstillingar, auksjon!, fjellturar og det dei karakteriserar som det breiaste dansetilbodet i landet.
Nokon av høgdepunkta i sommar er tingingsverket Tonar til hjarta med Kvarts og Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Valkyrien Allstars, Knut Hamre, The Snuff Grinders med FRIKAR, Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen, Unni Boksasp og Sven Nyhus kvartett.
Årets festivalartist er altså Martin Myhr frå Trysil/ Torpo. Han har lyfta fram den norske folkedansen i mange høve, og har vore frilans folkekunstnar i nær 30 år, med ei rekke Landskappleiksigrar og turnear i inn- og utland bak seg. T.d. har han hatt nær 2300 framsyningar for Rikskonsertane, han er med i dansekompaniet Frikar og har vore dansande nisse i Putti Plutti Pott. I 2008 var han Buskeruds fylkeskunstnar. På Jørn Hilme-stemnet er han med i, og har laga fleire konsertar.
I samarbeid med Strunkeveko er det også ei rekke tilbod for born og unge i løpet av Hilmeveka.