FAGERNES: ”Det er jo berre å gå, Marit!” Det var den klåre beskjeden eg fekk den eine gongen eg prøvde å danse gangar. Tidlegare i år pressa eg ein tremenning til å danse swing med meg. Han makta ikkje leggje skjul på at eg var det dårlegaste han hadde vore i nærleiken av på eit dansegolv. Eg kan ikkje danse.
Så eg veit ikkje alltid kvifor eg søkjer mot folkemusikkmiljøet, eller kvifor eg dreg på Jørn Hilme-stemnet. Klart det er vakre konsertar og like vakre kjenningar, men det er dansegolva som fengjer meg. Så denne sumarkvelden på Valdres Folkemuseum skulle eg sitja inntil veggane, skoda utover – på dei som sveitta, dei som sjekka, og sviven i stakken til dei som meistrar både springarar og bonde. Prøve å fange takta eller kjenna at låtten, sjølv om eg er i evig utakt og aldri hugsar namnet på ein einaste lått.
Jørn Hilme-stemnet handlar om bunader, gammaldans og frivillige. Som andre festivalar handlar det om øl, nattmat og vorspiel. Det handlar om å leite – etter baren og venene, etter ein affære eller den store kjærleiken. Finn du han eller ho, kan det godt vera vedkommande har funne nokon annan. Dei dansar gjennom alle tonane eller snik seg forbi dei gamle husa. Det kan vera blikket eller rørslene, men du veit at natta, dagane eller kanskje for alltid vil vera deira. Og det er ingenting du kan gjera med det.
Men det var ikkje planen denne gongen. Eg skulle berre rusle omkring i blondekjole, sjå at kvelden vart blåare og spelet skarpare. Eller det var nok ikkje heile sanninga, for eg hadde ein dårleg løynd plan om å danse. Så eg hadde med meg dei sedvanlege taktikkane – tvangsdansing og sympatidansing, der eg tvingar frikarar, folk som har gjort det skarpt på landskappleiken, og andre stakkars vener, til å danse med meg.
”Det er jo ikkje Hilme-stemnet utan å danse valdresspringar med deg”, sa ein av frikarane eg har pressa ut på golvet flest gonger. Så eg trødde springartakt for fyrste gong på eit år, følte nesten at eg meistra grunnstega, der eg sklei rundt i grå ullsokkar. Ein av ti gonger snurra eg den vegen han som skulle føre, hadde tenkt at eg skulle snurre.
Motet steig. Kanskje trong eg ikkje bruke den planlagde redningsflanken – dansevertane. Dei som aldri skulle svara ”nei, ikkje akkurat no”, ”litt seinare” og ”eg er så varm!” ifylgje arrangørane. Eg såg ein av dei på dansegolvet – sveitten sila, der han dansa med to damer.
”Vi tek det no så er vi ferdige med det”, sa ein av dei som hadde prøvd å lære meg kunsten. Rytmen kjendest annleis no – eg var i siget. Så gjekk eg til den gamle bygningen, der eg trødde dei fyrste springarstega ein sumardag for fire år sidan. Den sumaren det var fathylleskåp og museumskvardagar med folkemusikkprogram. – Ein to tre, ein to tre – sveitte hender og bøy i kneet. Eg hadde visst vore eit håplaust tilfelle.
Kanskje er dragninga mot folkemusikken del av ein identitetskrise – min evige lengt etter ei anna tid. Eg vil vera barrføtt og i heimespunne lin, sitja på trappa eller låvebrua, danse på vollane og høyre dei varaste songane framom peisen.
Sjølvsagt er dette heilt feil grunnlag. For eg veit at folkemusikken ikkje er folklore, men eit levande, dynamisk og aktuelt uttrykk. Og sjølv om eg bitt silketørkleet i halsen og set meg bakom fathylleskåpet, kjem 1800-talet aldri attende. Men nett i hardingfeleklangen i den gamle stova må det vera lov å lete att augo og kjenne på lengten, drøyme om segn og slåttenger. Det var ingen som dansa på det knirkande golvet, berre eg og ei vakt lytta til låtten. Til to jenter kom over dørkarmen og tok ein springar.
Så gjekk dei ut i regnvêret og fann buskspelet. Det var det berre to som dansa til, men nett kva dei dansa, veit eg ikkje.
”Du veit du kan melde deg på kurs, Marit,” sa folk eg møtte i buskspelklangen. Og eg veit kursa finst og er ein viktig del av festivalen. Men akkurat som å danse i jeans eller å ikkje like 1800-talet er det slik som er heilt greitt at andre driv med, det er berre ikkje mi greie. På veg inn til dansegolvet fann eg også ut kor god eg er til å danse valdresspringar frå ein til ti. ”Ein toar!” svara den fyrste eg dansa med. (Her må det leggjast til at eg fekk valet mellom eit snilt og ærleg svar. Eg valde sanninga.)
Eg laut øve meir og sikta mot det aller beste med springaren – rundsnurren. Eg hugsa ikkje korleis det faktisk skal gjerast, har aldri fått til det med å spenne føtene frå seg og samle dei att. Så eg tok ein meir hoppande sjølvkomponert variant. Kvifor den tredje dansepartnaren aksepterte rundsnurringa, veit eg ikkje, kanskje var det pedagogisk meint. Som ein A-klasse-dansar er denne fyren eit av mine vanlege tvangsdanseobjekt. Men i år var noko annleis – han nynna i veg og dansa heile tre springarar med meg. Forklaringa var nok ikkje at det var så stas, men at han visste om denne teksten og ville vera heilt i den, og det kan han godt få vera.
Nok ein gong steig motet. Eg hadde sikkert vorte betre enn i fjor (då deisa eg i golvet). Så før tonane stilna og området stengde, drog eg ein framand nordlending ut på golvet og trødde ein sjette valdresspringar.
Som på andre festivalar handlar Hilme-stemnet også om å finne nachspielet. Men det er ikkje så vanskeleg, det er berre å gå over ei bru til ein finn nokre telt og ein toradar. Der ville eg danse vidare. Så eg fann ein kunnig dommar og skipa ein konkurranse om å vera dårlegast i valdresspringar. Med haltande steg, til like haltande musikk, vann eg med glans. Når eg tenkjer meg om, ser forbi stakkar, felekasser og alt eg ikkje kan – veit eg jo kvifor eg er så dregen mot folkemusikken. Eg likar låttar, langeleikar og folk. Og utakt er jo også ei takt, snubling er også steg, identitetskrise er jo å vera i livet. Då ullsokkane var møkkete, klokka tikka mot soloppgang og det nemnde nachspielet var på topp, gav ein vilt framand vestlending meg den aller beste attesten: ”Eg tenkte å by deg opp, men du var jo oppteken på dansegolvet heile kvelden.”
Posør eller ikkje – klart eg lyt attende.
Jørn Hilme-stemnet
- Fyrste gong arrangert i 1960.
- Folkemusikkfestival med stor vekt på dans på kveldstid på Valdres Folkemuseum.
- Blir arrangert på Fagernes i Valdres siste helga i juli kvart år.
- Konsertar, kurs, debatt og dans.
- Sjekk www.hilme.no