Stemneleiar Stian Roland strålte som ei sol då Folkemusikk.no snakka med han i morgontimane i dag.
- Eg har fått melding om at billettsalet går så det susar, og tilbakemeldingane frå publikum på konsertane er så langt gode.
Fyrst i festivalveka var det kyrkjekonsertar med Trio Mediæval. Kyrkjekonsertane har vorten ein årleg tradisjon gjennom dalen, frå Hedalen stavkyrkje, via Tingnes kyrkje til St. Thomaskyrkja på Filefjell. I tillegg til trioen var også fiolinist Ragnhild Hemsing og perkusjonist Birger Mistereggen med i programmet. Trio Mediævel hentar repertoaret sitt frå mellomaldermusikk i ulike former, og har hatt stor internasjonal suksess.
Valkyrien Allstars har vore i Valdres tidlegare. I går heldt dei konsert blant kyr og budeier på stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre kommune. I fylgje kjelder var nær 800 personar samla i stølstrøa.
På programmet fredag står fleire kjende og kjære artistar: Ola Kvernberg og Stian Carstensen, som er blant dei fremste multimusikarane i landet. Gjennom sjangrar som gamaldansmusikk, bulgarsk folkemusikk, klassisk og bluegrass, lovar dei ein festleg konsert på Valdres Folkemusem.
Tidlegare fredag kveld blir det gjensyn med ”Signeliti og Gullmon” – ei festframsyning, der harpesong og slåttetrommer møter scenisk folkedans i frodig samspel. Framsyninga bygger på ei av dei mest kjende mellomalderballadane, systerforteljinga av myta om Orfeus og Eurdike. Hovudpersonen Signeliti, som er spådd å drukne på sin eigen bryllaupsdag, vert tolka av Silje Onstad Hålien. Musikken er ved Øyonn Groven Myhren, som har med seg perkusjonsgruppa Sisu. Regi og koreografi er ved Indra Lorentzen.
Andre store superheltar som kjem til hilmisstemnet er Aasmund Nordstoga og bandet hans, Ragnhild Hemsing, Daniel Sanden Warg, Rannveig Djønne, Olav Norheim, "Ugang", Kim Andre Rysstad, Marit Steinsrud med langeleikvener, Knut Opheimsbakken, ”Tørstad & co”, Hallgrim Hansegård, ”Gnekk og Yt”, ”Haugerud, Fingarsen og Evje” og mange, mange fleire.
Jørn Hilme-stemnet vart for første gong arrangert i 1960, på Valdres Folkemuseum. Namnet har det frå meisterspelemannen Jørn Hilme, som kom frå Ulnes og var viktig for slåttetradisjonen i Valdres og nærområda.
Stemnet har alltid vore ein kombinasjon av kappleik, konsertar, teater og dans. På Jørn Hilme-stemnet er tradisjonsvidareføringa like viktig som kulturopplevingane, og festivalen er slik sett sentral for å utvikle folkemusikken. Jørn Hilme-stemnet har vorte kjend som den store og intime folkemusikkfestivalen, og hadde om lag 7500 besøkande i fjor.