Sigrid Moldestad er spelekvinna frå Nordfjord som vart kåra til årets folkemusikar i 2010. Ho har vore på vegen med bandet sitt og plata ”Sandkorn” som vart lansert våren 2010. Ho er og Månadens artist på Riksscenen for folkemusikk i mars 2011.
Linda Eide er Vossing og faktaformidlar med humor som hovudinstrument. Og stadig på reise i hyggeleg norsk galskap som guide i tv-serien "Norsk attraksjon" på NRK 1.
No tek dei publikum med på ei musikalsk og verbal reise inn i vestlendingens ytre og indre sjeleliv, med "framifrå gjesteartistar frå både kjerneområdet og dalstroka utanfor".
VM på ski susar av garde i Kollen. Og folkemusikken kling med i kappestriden på dei mest finurlege måtar, i alle fall når Moldestad og Eide fabulerer omkring temaet - i ord, tonar og audiovisuelle framstillingar.
- Korleis vil det audmjuke Vestlandet framstå når det blir sett frå vinnarbygda Voss, spør Eide og Moldestad. - Kva har Spelemannen Leif Rygg til felles med olympiaren Kristen Skjeldal? Kor mykje folkemusikk er det i dobbeldansen til Odd-Bjørn Hjelmeset? Og korleis høyres det ut når OL-medalja til Kari Traa kling med i Bjølleslåtten?
Spørsmåla vert stilt, og kanskje kjem det svar i løpet av ein ellevill vestlandstime.
"Jaktstart med felebytte" beskrives som "ei forestelling for alle, også for dei utan folkemusikalsk slektstavle eller VM-medaljer å visa til".
Forestillinga er ei nyfrisert VM-versjon av suksessen frå Landskappleiken 2010 på Voss, der Linda Eide og Sigrid Moldestad med gjester fyllte Voss idrettshall ein kveld i juni.
Speleplan:
- Trivselshagen, Sandane 25. februar
- Kviknes hotell, Balestrand 26. februar
- Flora Samfunnshus, Florø 27. februar
- Riksscenen for folkemusikk, Oslo 4. mars
- Kulturhuset, Voss 6. mars
Interesserte kan se en større bildeserie fra den opprinnelige forestillingen på www.folkemusikk.nos foto-sider på Facebook. Vi minner også om at du gjerne kan melde deg inn i Facebook-gruppa vår.