Det heile startar med oppvarming til festivalen på torsdag med pubkveld på Bjønnehiet pizzapub i Rauland, der ein kan møte fleire av festivalartistane som skal underhalde på festivalen fram til sundag. Vert er felespelar Mark Laurenson frå Shetland, som i følgje festivalen er ein gamal kjenning for festivalpublikumet.
På scenen fredag står hardingfeletrioen ”Dei beste damene” med Anne Hytta, Åse Teigland og Synnøve S. Bjørset. I tillegg kan publikum oppleve gresk folkemusikk av Kyriakos Gouventas, Robert Fölsch og Oluf Dimitri Røe denne kvelden.
Nytt av året er open scene som vil gå føre seg laurdag formiddag under festivalen.
- Dette er ein vri på den tidlegare kappleiken, der vi får ein brei presentasjon av spel, dans og kveding. Publikum kan vere med å stemme på sine favorittar, og det vil vere vandrepremiar i både spel, kveding og dans. Dersom ein ynskjer å delta kan ein melde seg på same dag eller på førehand via heimesida vår, seier arrangøren i ei pressemelding.
Spelemannslaget Falkeriset, Kjetil Brekke, Torgeir Straand, Anders Røine , Kjell Hove, Ånon Egeland og Ragnhild Furholt er nokre av dei som vil opptre under open scene.
Laurdag kveld kan du møte dei fleste festivalartistane i den sedvanlege festivalkonserten og både fredag og laurdag vert det dans etter konsertane.
Elles vert det verkstadar innan kunst og handverk der ein kan lære knivmaking, knipling og ein meir kreativ verkstad som vert leia av ein av våre fremste kunsthandverkarar, Konrad Mehus. Temaet for denne verkstaden er Resirkulert sølje. Det vert også salsutstilling med kunsthandverk frå Ungarn og Slovakia, samt mindre utstillingar med studentarbeid og kniplingarbeid. Mikkel B. Tins nye bok ”Spilleregler og spillerom. Tradisjonens estetikk” vert også lansert laurdag.
Festivalen vert avslutta sundag med konsert i Rauland kyrkje med songarane og instrumentalistane Maria Pomianowska frå Polen og Jigme Drukpa frå Bhutan.
ARTISTAR 2012
Musikk:
Kyriakos Gouventas, Oluf Dimitri Røe, Robert Fölsch, Dei beste damene, Jigme Drukpa, Arto Järvelä, Maria Pomianowska, Cass Meurig, Nial Cain, Sven Ahlbäck, Desi Wilkinson, Catriona MacDonald, fraţii Petreuş, Mark Laurenson, Richard Burgess, Juhan Suits, Anders Røine, Kjell Hove.
Tradisjonskunst:
Konrad Mehus, Mária Fulková, Blanka Cepková, Morten Håkonsen