Kvart år møtes tusenvis av utøvarar frå heile landet for å tevle i tradisjonell folkemusikk og -dans på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. I løpet av intense sommardagar vert vinnarar i spel, dans og kveding kåra etter knivskarp tevling. Til hausten samlast eit utval av desse meistrane i ei eiga festframsyning i operaen for fyrste gong. 

Framsyninga vil omfatta kring 100 noregsmeistrar frå heile landet i aldersspennet frå 12 til 80 år.  Publikum får oppleve alt frå spenstig hallingdans, eggjande hardingfele, eldre folkemusikkinstrument som langeleik og bukkehorn til nyare instrument som durspel og trekkspel. 

- Vi har eit fantastisk mangfald som vi gler oss til å syne fram for fleire. Det vert stas å sjå og høyre dei beste utøvarane framføre slåttar, stev og dans i landets eiga storstove. På denne konserten får ein Noregs folkemusikktradisjonar i eit nøtteskal, fortel prosjektleiar i FolkOrg Rannveig Djønne.

Meisterkonserten - Prosjektleiar Rannveig Djønne TH og regissør Silje Onstad Hålien TV - Produsent på Riksscenen - Ninda Fjeldet i midten Foto Eivind Kaasin - Foto Eivind Kaasin
STORHELG I OSLO: FolkOrg, Laget for folkemusikk og Riksscenen samarbeider om ei storhelg. I tillegg til meisterkonserten vert det Oslokappleik og dansefest på Riksscenen.

Meir merksemd

Det vert Meisterkonsert som vanleg på sundagen både på Geilo og i Steinkjer. Eit utval av dei 41 vinnarane frå Landskappleiken og av dei 14 vinnarane frå Landsfestivalen vert invitert med vidare til Oslo. Det er diverre ikkje rom for å invitera alle klassevinnarane så styret i FolkOrg har valdt ut nokre klassar som dei ynskjer å invitere i utgangspunktet. Og så kan ein supplere med t.d. solistar i juniorklassar og andre for å få både ei musikalsk og geografisk breidde. 

- Me håpar at Meisterkonserten i Operaen kjem til å vera positiv for påmeldinga til dei to festivalane. Uansett vil eit slikt prosjekt gje både vinnarane, arrangementa og miljøet generelt ekstra merksemd, og det er særs positivt. 

Festhelg i hovudstaden

For dei som er glad i folkemusikk og -dans vert det ei storstilt helg i hovudstaden. Same helg arrangerar Laget for Folkemusikk Oslokappleiken og det vert også ein dansefest på Riksscenen i Oslo. 

- Vi håpar nysgjerrige og interesserte frå heile landet tek turen til hovudstaden og blir med på festen, avsluttar Djønne.   

I midten av mai blir dei 1100 billettane lagt ut for sal, og onsdag 2. april vert påmeldinga til sommarens tevlingar opna. Kven som vert invitert til å stå på scena vert avgjort på Landskappleiken på Geilo og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Steinkjer i sommar. 
 

HER FINN DU LISTA OVER KLASSENE SOM VERT INVITERT