Rådgjevar i Norsk folkemusikkformidling Silje Førland Erdal |
- Med etableringa www.folkmusic.no ynskjer vi å setje fokus på folkemusikk og verdsmusikk generelt, men med eit spesielt søkjelys på utøvarar og deira aktivitet internasjonalt. Gjennom å synleggjere mellom anna konsert- og turnéverksemd ute søkjer vi å promotere norske artistar og bidra til å gjere folkemusikk- og dans i Noreg kjend internasjonalt, seier Silje Førland Erdal som er ansvarleg for dei internasjonale sidene.
Meld frå om aktivitet
Førland Erdal meiner det er bra at ein no har fått ein samlingsstad for informasjon om norsk folkemusikk og- dans også for eit internasjonalt publikum. Portalen vart opna hausten 2009, og er framleis i utvikling.
- Vi ynskjer å omtale så mykje som mogleg av norske musikarar sin aktivitet internasjonalt i tillegg til større aktivitet nasjonalt. Men for å greie det er me avhengig av informasjon frå aktørane på feltet. Nettsida vert profilert i kontakt med internasjonale bransjeaktørar som festivalar, arrangørar og booking og det er difor viktig at både artistar, arrangørar og plateselskap melder i frå til oss om deira aktivitet internasjonalt og nasjonalt.
Skal du spele konsert eller ut på turné internasjonalt? Husk å send informasjon til silje@folkemusikk.no
Nettsida finn du her: www.folkmusic.no