Når musikarane i TOKSO kjem saman, smeltar klangar frå fleire hjørne i Europa saman. Anne Hytta og Sigrun Eng på hardingfele og cello har med seg franske Eléonore Billy på nyckelharpe og greske Kelly Thoma på lira, og i starten av oktober dreg dei ut på sin første Noregs-turné.
Møttest på Melafestivalen
Tokso er ei samansetjing av musikarar som møttest i første gong i 2008. Då vart felespelar Hytta spurt av Melafestivalen i Oslo om å setje saman ein konsertproduksjon for festivalen. Etter å ha tenkt ei stund, stod det veldig klart for den tidlegare Ole Bull-akademistudenten at Sigrun, Eléonore, Kelly og ho sjølv var ein kombinasjon som kunne skape spennande ny musikk saman.
Ny cd-utgjeving
Etter Melafestivalen i 2008 har Tokso også spelt konsertar i Paris og på Houdetsi Festival på Kreta. I Paris spelte dei dessutan inn debut-cd-en, som – rykande fersk – er med på turneen og vert seld til dei som er interesserte.
Stort sett er musikken til Tokso deira eigne komposisjonar, laga av medlemmene i kvartetten, men med nokre tradisjonelle låtar i tillegg. Som ein type folkeleg kammermusikk har Tokso både tett samspel og opne arrangement med mykje improvisasjon der den enkelte instrumentalisten trer tydeleg fram. No gler trioen seg til å spele konsertar i Noreg.
Turnéliste
1. oktober: Galleri Stadskleiv, Gullbring, Bø i Telemark kl. 14.00
2. oktober: Klubbhuset, Sauland kl. 17.00
3. oktober: Columbi Egg, Hotell Augustin, Bergen kl. 20.00
4. oktober: Tre Brør Kafé, Voss kl. 21.00
6. oktober: OsloFOLK, Riksscenen, Oslo kl. 21.00