Innspel til programkomiteen i Høgre
 
Vi takkar for invitasjonen til å kome med innspel til Høgre sitt stortingsvalprogram særskilt knytt til frivillig arbeid.
 
Om FolkOrg
 
FolkOrg vart stifta i november 2009 som ei samanslutning mellom Landslaget for spelemenn (stifta 1923) og Norsk Folkemusikk- og danselag (stifta 1987). Organisasjonen har i dag i underkant av 5000 enkeltmedlemmer og 150 lokale lag. Blant medlemmane finnast både dei som har folkemusikken og folkedansen som ein fritidsaktivitet, og dei som heilt eller delvis lever av det. Organisasjonen har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet.
 
FolkOrg arbeider for mange målgrupper: lokale lag, dei profesjonelle utøvarane, barn, unge, eldre, kulturskular og arrangørar. Vi samarbeider med utdanningsinstitusjonane, kompetansesentra og andre organisasjonar på feltet. I tillegg samarbeider vi med andre sjangerorganisasjonar gjennom Samstemt! Eit særtrekk og ein styrke ved folkemusikk og -dansemiljøet, er at mange av aktivitetane gjeng på tvers av generasjonar.
 
Det er eit stort mangfald i uttrykk i folkemusikken i dag, den solistiske tradisjonen ligg i botn, men det finnast og ein levande tradisjon med spelemannslag, grupper og band, som både speler tradisjonelt stoff, eigenkomponerte slåttar og som tek inn element frå andre sjangrar.
 
FolkOrg tek utgangspunkt i dei lokale musikk- og dansetradisjonane. Dei lokale variantane av slåttar, songar og dansar vert ført vidare frå ein generasjon til den neste (traderingsprosess), for å sikre at dei lokale særtrekka ikkje døyr ut. På den måten tek vi vare på den nasjonale kulturarven vår. Det er ingen andre enn Noreg som har ansvaret for å forvalte vår folkemusikk og -dans. Utøvinga av folkemusikken og folkedansen er ein sentral del av vår immaterielle kulturarv, som Noreg har forplikta seg til å ta vare på gjennom ratifiseringa av Unescos konvensjon om immateriell kulturarv.
 
Unesco set utøvinga av tradisjonen i høgsetet, vi meiner det er mange aktørar som er avhengige av kvarandre. Vi må framleis ha instrumentmakarar for å ha noko å spele på. Vi treng arkiva for å hente materiale og inspirasjon. Vi treng lokallaga til å ta vare på tradisjonen og for å dyrke talenta innan folkemusikk og -dans. Vi treng dei tradisjonelle dansearrangementa som held liv i både musikken og dansen. Alle er avhengige av kvarandre.
 
Når vi no vil kome med innspel til programkomiteen om det frivillige, vil vi også kome litt inn på kulturpolitiske verkemiddel som er meir retta mot dei profesjonelle. Nettopp fordi det heng tett i hop med det frivillige arbeidet på feltet vårt. Vi kjem gjerne med meir utdjupande synspunkt på det profesjonelle kulturfeltet om det er aktuelt for Høgre sitt programarbeid.
 
Momskompensasjon for frivillige lag
 
Ordninga med momskompensasjon for frivillige organisasjonar vart delvis innført frå 2010. Den skulle gradvis aukast opp til ein milliard frå 2010-2014. Ordninga har mykje å seie for alle dei som nyttar fritida si til organisasjonsarbeid og for aktivitetane det skapar. Momskompensasjonen er til god økonomisk hjelp for organisasjonane sitt arbeid. Ordninga bør trappast opp slik at det vert full momskompensasjon for frivillige lag.
 
Stønadsordningar
 
Det er stor variasjon av fritidsaktivitetar i Noreg, både kommunar, frivillige og kommersielle verksemder står bak. Krava til kvalitet og profesjonalitet er høge, og slik skal det og vere. Det er difor viktig med gode instruktørar som kan levere høg kvalitet, og administrativt godt styrte lag. Viss ikkje vil aktiviteten tapa i konkurransen med andre aktivitetar. For feltet vårt vil det si at lokale spel- og dansetradisjonar kan gå tapt. Det er vanskeleg å drifte lag med berre medlemspengar som finansieringskjelde, om ikkje aktiviteten berre skal vere for dei med god økonomi. Det er difor naudsynt med andre stønadsordningar. Det er viktig at desse ordningane er enkle å søke på, slik at frivillige tillitspersonar ikkje må bruke all si tid til søknadar og rapporteringar.
 
KOMP-midlar
 
Stønadsordninga KOMP vart etablert i 2010 som ei stønadsordning for opplæringstiltak, kortare kurs og andre kompetansehevande tiltak innan det rytmiske feltet. Ho skulle kome i staden for ei tilsvarande ordning under Musikkverkstadordninga. Ordninga kjem lokale spelemannslag, band og konsertarrangørar til gode i heile landet. Utfordringa er at KOMP har halvparten so mykje midlar som ordninga ho kom i staden for.
 
Rundt om i landet blir det arrangert fleire årvisse sommarkurs i folkemusikk og folkedans for born og unge. Kursa er populære og dei er særs viktige for vidareutvikling og vidareformidling av norske utøvartradisjonar. Dei held den immaterielle kulturarven levande. Kursa er viktige møtestadar på tvers av generasjonar. Problemet er finansieringa av kursa. Dei får litt frå KOMP, Rådet for folkemusikk og folkedans og FolkOrg, men det er ikkje nok til å betale profesjonelle instruktørar ei anstendig løn. Kursa fell utanfor ordningane i Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde og FFUK, mellom anna fordi dei er årvisse og ikkje enkeltprosjekt. Potten til KOMP må aukast betrakteleg for å sikre stønad til faste, levedyktige kurs, og det må vere mogleg å få stønad for fleire år om gongen for at det skal vere meir føreseielege rammer for sommarkursa.
 
Det trengs og ei generell auke for alle dei andre gode kursa som gjeng føre seg resten av året, og som er viktige for å ha eit høgt aktivitetsnivå og for halde tradisjonane i live.
 
Vaksenopplæringsmidlar
 
For å sikre god kvalitet er opplæring på alle nivå viktige. Vaksenopplæringsmidlane er viktige for lokal aktivitet. Ved hjelp av dei får ein kultur ut til folket nedanifrå, og bidreg til god opplæring som igjen bidreg til god folkehelse. Aktiviteten hos vaksne som vaksenopplæringsmidlar stimulerer, er også svært viktig for å halde spel- og dansetradisjonane i Noreg i hevd og nettopp stimulere til arenaer der uttrykka kan brukast i sosiale samanhengar. Desse arenaene er også viktige for det profesjonelle segmentet både som inspirasjons- og kunnskapskjelde, men også som publikumsgrunnlag. Vaksenopplæringsmidlane til frivillige organisasjonar som driv med opplæring innan kultur, har nesten ikkje hatt vekst dei siste åra. Her trengs ei auke.
 
Frifond organisasjon
 
Eit av særtrekka og styrken med aktiviteten i FolkOrg er at den går på tvers av generasjonar. Dei små spelar og dansar med dei vaksne. I eit samfunn der generasjonane i stadig mindre grad gjer ting saman, er vi opptekne av å ta vare på den tradisjonen. Difor er born og vaksne medlemmar i same lag. Fleire lag blir straffa økonomisk for det når dei skal søkje Frifond-midlar. For å få stønad frå Frifond organisasjon er det krav om at minst 1/3 av medlemmane er under 26 år. Eit stort FolkOrg-lag med mykje aktivitet for unge kan då risikere å ikkje har krav om Frifond-midlar, om dei har mange vaksne medlemmar. Regelverket må gjerast om slik at organisasjonane får stønad ut frå tal på medlemmer under 26 år, og ikkje straffast for at mange vaksne er med.
 
Arrangørstøtteordninga
 
Etableringa av arrangørstønadsordninga i Norsk kulturråd, gjer det enklare for arrangørar innan folkemusikk og folkedans å kunne tilby arbeid til utøvarane og gode tilbod til publikum. Omlegginga i 2012 som gjer at arrangørar kan søkje stønad også berre til ein konsert, er positiv for folkemusikkmiljøet der arrangørleddet framleis er svakt. Det er ofte lokallag som er arrangørar av konsertar og andre framsyningar, og nokre av dei vil gjerne prøve seg på eit arrangement første året. Arrangørstøtteordninga bør aukast til kr 44 mill innan 2016, slik vi får gode opplevingar i heile Noreg, jobbar for utøvarane og kanskje litt pengar i kassa til laga.
 
Stønadsmidlar gjennom Rådet for folkemusikk og folkedans
 
Tiltaksmidlane frå Rådet for folkemusikk og folkedans stør opp om arbeidet med å ta vare på kulturarven og kjem til nytte for lagsarbeid og utøvarar. Ei styrking her kjem heile feltet til gode.
 
Tilgjenge på kvalifiserte instruktørar/lærarar
Vi har alt skrive om kor viktig det er å ha godt kvalifiserte instruktørar og lærarar for å ha eit tilbod som er så godt at folk vil nytte seg av det. Då er det ikkje berre viktig å kunne betale dei, det må og finnast nok av dei. Utdanningsinstitusjonane innan folkemusikk og folkedans må difor vere i stand til å utdanne nok folkemusikarar og folkedansarar til å fylle den rolla. Samstundes må vi ta vare på tradisjonen med tradering, direkte overføring av kunnskap og dugleik frå ein generasjon til den neste.  
 
Kulturskulane
 
Kulturskulane i Noreg er mange stadar viktige samarbeidspartnara for dei lokale spel- og danselaga. Dei unge får undervisning i kulturskulen, og spelar eller dansar saman med laget sitt. Der kulturskulane er gode på undervisning er laga gode på miljø. Det er berre Noreg som har ansvar for å ta vare på den norske folkemusikken og folkedansen, det må difor leggast til rette for at det er mogleg å få undervisning i denne tradisjonen gjennom kulturskulane.
 
Om laga er gode på miljø, så må arbeid med felles spel- og dansesamlingar for unge ha nokon til å drive arbeidet. Det bør sikrast økonomi anten i kulturskulen eller i lokallaga til å kjøpe ressursar frå kulturskulen til instruksjon av slike tilbod. På denne måten vil ein kunne gi individuelle tilbod i kulturskulen og samtidig ivareta sosiale samanhengar der musikken og dansen kan stimulerast og brukast.
 
Folkedansen
 
Rådet for folkemusikk og folkedans (RFF), Noregs ungdomslag (NU) og FolkOrg har teke initiativ til å skrive ein rapport om situasjonen for norsk folkedans i dag. Rapporten er akkurat ferdig, og syner at det har skjedd mykje bra sidan Arnestad-utgreiinga i 2001, som til dømes utdanningstilbod, prosjekta Bygda dansar, Riksscenen og profesjonelle dansegrupper som Frikar. På nokre felt er situasjonen vorte verre, som til dømes deltaking på nybyrjarkurs i folkedans, deltaking på faste øvingar i leikarringen/danselaget, og tal på dansefestar med folkedans.
 
På same som folkemusikken er den norske folkedansen ein viktig del av den immaterielle kulturarven vår, som vi er aleine om å ta vare på. Både 1) å danse, 2) den som dansar og 3) ramma dansen blir utført i, har krav på vern . Eit krav frå Unesco er at vi må lage lister over den immaterielle kulturarven som vi må ta særskild vare på. Det må difor settes av midlar til å kartlegge det. Det vil gjerast i samarbeid med organisasjonane, laga og dei aktive lokalmiljøa.
 
Det er også viktig å peike på at det profesjonelle segmentet innan folkedansen bygger på tradisjonane og det utøvande ved desse tradisjonane. Det er altså ein grunnleggjande faktor for profesjonaliseringa av folkedansen i scenisk retning.
 
For at vi framleis skal kunne halde kurs og dansefestar, trengs stønadsordningar for det. Både til instruktørar og musikarar. Dansen og den levande musikken er gjensidig avhengige av kvarandre i norsk folkekultur. Dette må gå føre seg i levande lokalmiljø.
 
Prosjekta ”Bygda dansar” er ein suksess og må halde fram. Aktiviteten har auka og det trengs midlar nok til å kunne administrere prosjekta på ein god måte.
 
Det har i dei siste åra vore ei gledeleg auke i stønadsordningar for musikarar og konsertarrangørar, det har ikkje vore ei tilsvarande auke for dansen. Folkemusikken og folkedansen heng tett i hop, og stønadsordningar som er opne for folkemusikken bør å være opne for folkedansen, og då få ei auke som tek omsyn til det.
 
FolkOrg har i vår søknad om driftsstønad for 2013 søkt om å få auke løyvingar til å tilsette ein person som skal arbeide med tiltak for folkedansen. Slik tar vi Noreg si ratifisering av Unescos konvensjon om immateriell kulturarv på alvor og er med på å ta vare på våre dansetradisjonar.
 
Instrumentmakarar
 
Det står generelt dårlig til med tal på instrumentmakarar i Noreg i dag og tiltak som kan stimulere til at det vert fleire. Situasjonen er og særskilt alvorleg for hardingfelemakarfaget og for langeleikmakarfaget, tradisjonar vi er aleine om å ha ansvaret for. Det er eit stort behov for gode instrument til utøvarar på alle nivå. Det finnast ulike tiltak som kan betre den situasjonen. Det bør etablerast ei utdanning i instrumentmaking både på vidaregåande skule og på høgskulenivå. Det bør vere særskilt fokus på dei instrumenta som Noreg er aleine om å ta vare på. Dette er eit fagfelt det er stor interesse for frå eit internasjonalt fagmiljø blant instrumentbyggarar av andre tidlegmusikkinstrument, blant instrumentbyggarar innan andre folkemusikktradisjonar, blant kunsthandverkarar og ikkje minst blant eit internasjonalt publikum av musikarar og lyttarar.
 
Instrumentmaking er også ein del av den immaterielle kulturarven, som kjenneteiknast av å bli ført vidare frå generasjon til generasjon gjennom direkte kontakt. Den forma for kompetansebygging må og anerkjennast og støttas. Instrumentmakarar må kunne søkje kunstnarstipend, slik at det er økonomisk mogleg å lære seg eit slikt fag gjennom tradisjonell traderingsmetode.
 
Dersom Høgre ønskjer utdjuping kring desse punkta, eller ønskjer å drøfte andre ting, stiller vi gjerne opp på det.
 
Med beste helsing
 
Linda Dyrnes
 
Dagleg leiar