I konsertframsyninga ” Bull & Myllaren anno 2010” finn vi Ragnhild Hemsing, fiolin, Ottar Kåsa, hardingfele, Hallgrim Hansegård, dans, og Tor Espen Aspaas, klaver, i sentrale roller.
På programmet står komposisjonar av Ole Bull og Lasse Thoresen, Myllarslåttar og lausdans.
Framsyninga er basert på eit manus av Nils Sletta, medan Kjell Bitustøyl og Hilde Pedersen er produsentar.
Konserten i Operaen tek utgangspunkt i at møtet og kontakten mellom Ole Bull og Myllarguten representerer eit tidsskilje både for den norske kunstmusikken og for folkemusikken.
- Ole Bull spelte Mozart for Myllaren og inviterte han til Kristiania og Logen, slik til at folkemusikken og slåttespelet blei løfta inn på kunstscena for fyrste gong.
Feleutstilling
I samband med konserten vil det bli stilt ut tre hardingfeler i Operafoajeen - ei Myllarfele og to feler som høyrde til Ole Bull.
Alle tre er laga av felemakaren Erik Jonsson Helland frå Bø. Helland levde frå 1816 til 1868, og reknast som heilt sentral i utviklinga av hardingfela i Telemark og Noreg.
- Bull kjende godt til folkemusikken og spelte sjølv hardingfele. Men det var kan hende gjennom møtet med Torgeir Augundsson frå Telemark at Bull fekk den viktigaste inspirasjonen han tok med seg vidare i si kunstnarlege verksemd, heiter det i førehandsmeldinga.
Norsk Hardingfelesenter står som arrangør av framsyninga, og har som føremål å vere eit kompetansesenter og ein pådrivar for hardingfela og hardingfelemusikken nasjonalt og internasjonalt. Senteret er etablert i Bø i Telemark i 2010, med støtte frå Norsk kulturråd, Telemark fylkeskommune og Bø kommune/Midt Telemark Næringsutvikling.
Urframføringa av ”Bull & Myllaren 2010” er på Scene 2, fredag 3. desember, klokka 19.30.
Du kan lese meir om framsyninga på denne sida. Meir om møtet mellom Bull og Myllaren finn du på denne sida -- og her kan du sjå kva konserten i Christiania inspirerte diktaren Welhaven til å skrive.