Med framsyninga TidarÅ har Frikar sprengt grenser og bevist at folkemusikk og dans kan vera basis for eit av dei mest nyskapande scenemiljøa i landet. TidarÅ er ei vakker og tankevekkande framstilling av Solveig og Peer, der heilskapen av storslagen dans, musikk og natur skaper det som må vera årets scenebegivenheit.

Rammene er storslegne. Bersveinhølen er eit enorm juv laga av elva Frya, og publikum på dei fire framsyningane var plassert i eit oppbygd amfi i eine sida av juvet. Frå ei nabogryte kjem elva Frya fossande ned mot ei stor dråpeforma scene, og 10-15 meter høge fjellveggar rammar inn juvet. I nattemørket vart dette ei scene som verdas beste scener kan sjå langt etter. Og dansarane visste å utnytte moglegheitene. Det vart dansa over alt - i vatnet, midt i fjellveggen og hengande i silketrapesar og vaiarar.

TidarÅ vel å vektlegge Solveig som den sterke, balanserte og trygge kvinna, i motsetnad til Peer som den bråkjekke og poserande. Ulike dansarar vekslar på å framstille Peer og Solveig, noko som på ein genial måte får fram eit mangefarga spekter av uttrykk. Det heile er utført i eit utruleg intenst samspel mellom fantastiske dansarar frå ulike dansemiljø, akrobatisk dans i silketrapes, genial musikk og ein scenografi som tek pusten frå publikum støtta av lyd og lyseffektar som vekslar frå det skremmande til det vakre.

Både koreograf Hallgrim Hansegård og komponist og musikar Andreas Ljones har stor ære for framsyninga, saman med eit stort kompani av profesjonelle dansarar og musikarar. For folkemusikk.no sine lesarar kan ein særleg trekke fram dansarane Sigbjørn Rua, Anders Aasberg, Silje Onstad Hålien og Hallgrim Hansegård og musikarane Andreas Ljones, Gunhild Sundli og Terje Isungset - alle med sterke band til folkemusikken. Utruleg flott jobba!

Sjå dei utrulege bilda i bildeseriane under: