
Folkemeininga
Solbjørg tok på seg forskarbrillene og spurde desse spørsmåla:
1) Meinar du at Landskappleiken og Landsfestivalen bør slåast saman til eitt arrangement?
2) Kvifor/kvifor ikkje?
![]() |
Finalist durspel: Øyvind |
Samling, men anna gjennomføring
1) Per i dag meinar eg dei skal vera saman, men då bør det gjerast ein del i høve til korleis ein legg det opp. Det bør vera ein grundig debatt omkring korleis eit slikt arrangement skal gjennomførast.
2) Eg meinar at folkemusikkmiljøet ikkje er større enn at det kan vera samla. Det bør vera greitt for både publikum og deltakarar på Landskappleik og Landsfestival. Landsfestivalen vert mindre og mindre, og i år er det færre deltakarar enn det har vore på ei god stund. I tillegg er det mykje for folk å skulle bruke to veker av ferien til å reise på festivalar. Hadde me slått dei saman hadde me klart oss med ei veke.
3) Eg meinar Landsfestivalen bør dekkast på same nivå som Landskappleiken vert på radio/tv. FolkOrg kan gjera ein større innsats i høve til Landsfestivalen. Det kjennest som at Landskappleiken vert prioritert fyrst uansett. Slik det er i dag er Landsfestivalen og Landskappleiken to likestilte arrangement.
![]() |
Tevlingsleiar: Sigmund |
Når eit breiare publikum med to arrangement
1) Eg meinar det bør vera to arrangement.
2) For vårt lag er det runddansmusikken som er viktigast. Me har stort sett reist på Landsfestival, og ikkje på Landskappleik. Dersom Landskappleiken og Landsfestivalen vert slått saman, er det ikkje sikkert me reiser. Per i dag er medlemmar i laget mest interessert i runddansmusikk. Eg trur ein når eit breiare publikum dersom ein har to arrangement. I tillegg trur eg det kan vera vanskeleg å finna arrangørar som har kapasitet til å ta på seg eit så stort arrangement. Det ville til dømes vore vanskeleg for oss.
![]() |
Norill (finalist i durspel junior), Silja, Ida Marie og Marie (glade spele- og dansejenter frå Vestlandet) |
Folkemusikk er verkjeleg moro!
1) Norill og Silja: Nei!
Ida Marie og og Marie: Ja!
2) Norill: Eg tykkjer Landskappleiken er litt stiv.
Ida Marie og Marie: Dersom det er to arrangement er det vanskeleg å få med seg begge to, og ein må ofte velje. Då er det fint å kunne få med seg begge på eitt og same arrangement.
![]() |
Publikummar og entusiastisk dansar: Karsten |
Yeah yeah...
1) Ja, eg trur ein kan slå dei saman.
2) Dei jobbar mykje med det same, og eg trur det vil fungera fint som eitt arrangement.
(Frå sida: da va verkjeleg godt sagt! Eg e so einig.)