HARDANGER: - Du veit, eg har drive på ei god stund. Plata er ingen dokumentasjon over spelemannslivet mitt, men likevel eit tilbakeblikk, ei reise. Her er både nytt og gamalt. Eg har vore oppteken av ulike uttrykk i ulike epokar, difor er det stor variasjon.

- Du har gjeve ut mange plater. Korleis har det vore å spele inn denne plata?

- Det har gått fint. Under innspelinga brukar eg ikkje å spele låttane opp att og opp att. Eg er heller ikkje av dei som grublar så mykje under innspelinga. Då berre spelar eg. Det er viktig å ikkje analysere seg i hel. Det får ein gjere seinare.

- Kan analysane og grublinga ta overhand?

- Ja, eg synest det. Eg har ingen høge tankar om innspeling og framføring. Eg er oppteken av fridomen i sjølve spelesituasjonen. Ei plate blir som ho blir. Det er viktig å gjere det som tilfredsstiller ein der og då, i augneblinken.

- Får du mange tilbakemeldingar på det du held på med?

”Det er viktig å ikkje analysere seg i hel.”
                          Knut Hamre. om plateinnspelinga


- Ja, det må eg seie, særleg frå dei som er utanfor folkemusikkmiljøet, den allmenne lyttaren. Det er kjekt, veit du, at det finst nokon der ute som høyrer på ein. Eg får òg tilbakemelding frå folk i miljøet.

- Korleis taklar du tilbakemeldingar på platene dine, då?

- Eg er glad for at det er reaksjon. At det ikkje går upåakta hen.

- Du har vore med på det meste ein spelemann kan drøyme om. Er det noko du har til gode?

ferd[1]
FERD: Coveret til Knut Hamres nye soloplate FERD.

- Å ja, eg kunne tenkje meg å sitje under eit kirsebærtre i Japan og lese haikudikt medan blomane fell ned.

- Vakkert. Du er ein romantikar?

- Ja, eg er nok det – synest det er godt å gjere det som er behageleg. Eg orkar ikkje å styre med denne realismen. Godt å få sleppe! Men misforstå meg ikkje: Eg er i eit system, eg som alle andre. Eg likar heller ikkje å utsetje gjeremål. Då missar eg gløden. Eg er ein romantikar i fullt firsprang.

- Du voks opp i heitaste Beatles-tida – likevel vart det ikkje elgitar og engelsk pop? Kva skjedde?

- På nabogarden hadde dei ei fele. Det var noko som greip meg der og då. Eg trur eg vart hekta. Ungdomsmusikken og Beatles, nei, eg fekk han ikkje med meg. Det er heilt sant. Eg registrerte han ikkje.

- Var det flautt å spele då du var ung?

- Ikkje flautt. Men det var ingen som dreiv med fela då eg var ung. Det var berre eg. Dei gamle spelemennene syntest det var så stas. Eg var nok ein gamlisungdom, som det heiter. Det var så naturleg og godt å vere saman med dei eldre.

folkemusikk__logo_sort

- Personar eg har snakka med, seier at du har mykje omsorg og omtanke for andre, og at du alltid stiller opp.

- Så hyggeleg at folk seier det. Det set eg pris på. Eg synest det er kjekt å engasjere seg i andre sitt arbeid. Utan å vere med å styre dei. Det prøver eg å unngå. Eg møtte Bjarne Herrefoss som 17-åring. Som ung vil ein gjerne vere som alle andre, veit du. Han gav meg ei kjensle at eg betydde noko. ”Du må vere som du er”, sa han.

- Det som blir skapt av unge folkemusikarar i dag – kva synest du om det?

- Vi har ei førestelling om at det gamle ikkje representerer noko nytt. Det meiner eg er feil. Det er noko nytt i den gamle folkemusikken òg. Nye erkjenningar, opplevingar. All musikk er ny kvar dag. Der har dei unge noko å hente.


Intervjuet er henta frå utgåve 4/2010 av bladet Folkemusikk.