Laget vart skipa 28. februar 1960, med initiativtakar Rasmus A. Lødemel i spissen. På første møtet i ungdomshuset Dølheim møtte ca 20 spelemenn, og alle var menn. Føremålet frå møtet 1960 var å etter beste evne halde vedlike den gamle musikken.
- Kappleikar og andre tevlingar, bryllaupsspel, dansespel, spel i bygda, alt dette var det hovudsaklege fyrste tiåra. Det var ei spesiell tid for desse spelemennene som frå å kun spele i eiga stove og litt til, vart ein del av eit lag. Det var sosialt, dei hadde noko å gle seg til. Øvingane var viktige, og etter kvart ikkje minst oppdraga. Dei spela i lag, utveksla kunnskap og lærte nye slåttar. Dei fekk til og med gå på kurs med store spelemenn, heiter det i eit skriv frå laget.
OPPSTARTEN: Hornindal spelemannslag 1961 Foto: Tonning |
Sidan 1960 har laget teke til saman 10 førsteplassar i lagspel hardingfele på Landskappleiken. Mange i laget er også A-klassingar i fleire klasser.
Etter kvart som tida gjekk, kom ungdomen til. Nye grupper innan laget tok form, og nye greiner vaks fram. Det vart dans, kveding og lur. Frå same tid og framover har det, i tillegg til fele og hardingfele, vore opplæring i kveding, dans og lur.
Ein av primus motorane i lokallaget i dag er Oline Løvlid, som sjølv underviser mellom anna i kveding. I dag samarbeider ho og laget mellom anna med Hornindal Kulturskule om undervisningstilbod for born og unge. I tillegg har Løvlid eigen undervisning.
- Aktiviteten er god og stabil, og i dag er ca 70 % av medlemmane i laget born og unge. Det lovar godt for framtida, meiner Løvlid.
LUR: Førebuingar til tingingsverket Jubeihonn. |
Jubelihonn
Laurdag er det klart for fest på Raftevolds Hotel.
- Til jubileet har me tinga eit verk av og ved Eilif Gundersen. Verket har fått namnet ”Jubelihonn” og byggjer på 3 gamle honndals-melodiar som gjeng heilt tilbake til tidleg 1800-talet. Tingingssverket vert framført av Eilif Gundersen, og med seg har han fleire musikarar på lur, vokal og fele, seier Løvlid.
På scenen under jubileet står også Knut Hamre, Leif Rygg, nokre Honndalstauser, Liv Merte Kroken, Unni Løvlid, Honndalsmusikken, Småhonndølene, 7-spann og andre kvedarar i ulike aldrar, toradar og juniorfeler. Og sjølvsagt skal dei vaksne i laget spele hardingfele.
I samband med 50-års jubileet har Kjell Tvinnereim også samla laget si historie i eit jubileumshefte som vert lansera laurdag. Der finn ein referat frå protokollane, fortal frå medlemer og andre i bygda og mange foto, alt for å seie litt om laget si 50-årige historie.
Feiringa går av stabelen laurdag 13.november på Raftevolds Hotel, og opnar kl. 14.