Sjå fullstendig resultatliste frå tevlingane fredag her!

Desse gjekk vidare til finalen i klassa for gruppespell:

  • Avbrekk
  • Vågåmål
  • Nordafjells
  • Viken/Brimi
  • Gnekk og Yt

Ubrukt potensiale
Ragnhild Holø (28), journalist og spelekvinne i Sør-Fron spelemannslag fekk med seg deler av klassa for gruppespell og meiner nivået på spelet er godt, og høgt.

- Her var det mykje bra spel. Eg reknar med at mange hadde problem med å sitje stille. Samstundes finns eit stort, ubrukt potensiale i musikken, meiner Holø.

- Det var meir variasjon i klassen i år enn tidlegare, men det er framleis mykje å gå på. Instrumentsamansetninga i gruppene er ganske lik. Det er fint at nokon av gruppene tør å gjera det på andre måtar, avsluttar Holø.

Andre Folkemusikk.no har snakka med stadfestar dette.

Felespelar Aslak O. Brimi har også tankar om innhaldet i klassa for gruppespell. Han skreiv tidlegare ein kommentar om dette på Folkemusikk.no. Kommentaren frå Brimi du lesa her!

Finalespelet i klassa for gruppespell går av stabelen i Idrettshallen på Oppdal, fredag kl. 22.00.